Woke – More like blind?

Dette innlegget er 4 år gammelt. Informasjon i innlegget kan være utdatert.

Debattredaktør

Illustratør

Kampen for like rettar og vern for alle har vore kjempa lenge. Aktivisme som føregangsmenn og -kvinner har kjempa før oss gitt mellom anna lovfesta rettigheiter og frigjeringar frå koloniherrar. På lik linje med føregangsmennene og -kvinnene, må vi idag kjempe mot urett. Korleis vi set samfunnsproblem har endra seg og det har til og med blitt trendy vere opplyst om dei. 

Det som skil aktivisme no frå tidlegare er sosiale media. Sosiale media er lett tilgjengeleg for alle og gjer at alle kan vere med på å kjempe kampen mot urett. Under den arabiske våren var sosiale media avgjerande for dei store politiske endringane i Nord-Afrika, ved at bilete av revolusjonen spreidde seg på nettet. 

Ved å dele, kommentere og like innlegg som set samfunnskritikk på dagsorden. Å vere klar over dei ufordringane som er i samfunnet vert ofte assosiert med det å vere “woke”. Men med ei slik lettbeint og populær form for engasjement og aktivisme, kan det vere fallgruver. Det heile kan sjå ut som eit spel for galleriet. 

Trendy å vere woke

Woke kjem opprinneleg frå kampen mot rasisme, “Black lives matter”, der woke vart nytta om å stadig vere opplyst om utfordringane kring rasisme. Seinare har omgrepet vore utvida til å inkludere alle utfordringar, som sexisme og klimakrisa. Ei utfordring med wokeness er at det er ei trend. For det å vere opplyst burde vere ein del av kulturen vår, ikkje berre forbipasserande. Frå utsida ser det bra ut å engasjere seg gjennom å dele og like. Problemet er at wokeness oppstår som resultat av tilfeldige hendingar i eins eige vindu til verda. Då gjennom sosiale media, nyheitskanalar og eins eigen omgangskrets. Døme på kortvarig engasjement som eg den siste tida har fått i min Instagram-feed omhandlar koronautbrudd i flyktningleiren Moria. Sjølvsagt er dette bra – om det kan skape endring og ei større generell merksemd kring Moria. Men kva effekt har det eigentleg å vere woke?

Når det kjem til aktivisme i sosiale media er forskinga sprikande. Nokre argumenterer for at endring av profilbilete, deling av videoar eller liking kan skape engasjement kring viktige saker (1)Cabrera, N. L., Matias, C. E., & Montoya, R. (2017). Activism or slacktivism? The potential and pitfalls of social media in contemporary student activism. Journal of Diversity in Higher Education, 10(4), 400-415. http://dx.doi.org.pva.uib.no/10.1037/dhe0000061. Til dømes viser forsking på deling av videoar i sosiale media, at motivasjonen er større for å finne meir informasjon om saka etter å ha delt ein video om den (2)Jones, C. (2015). Slacktivism and the social benefits of social video: Sharing a video to ‘help’ a cause. First Monday 20(5). https://doi.org/10.5210/fm.v20i5.5855. Anna forsking viser til at enkle bidrag til aktivisme i sosiale media kan hindre andre, meir effektive bidrag. 

I ei studie gav Soyer og kollegaer deltakarar informasjon om ein organisasjon. Deretter fekk halvparten av deltakarane moglegheit til å skrive under på ei underskriftskampanje. Vidare fekk alle deltakarane tilbod om å gi noko av den økonomiske kompensasjonen dei fekk til organisasjonen. Resultatet viste at personane som kunne delta på underskriftskampanje, gav mindre pengar (3)Emre Soyer, Gert Cornelissen, and Natalia Karelaia (2013) ,»Clicktivism Or Slacktivism? Impression Management and Moral Licensing.», in E – European Advances in Consumer Research, 10, s. 244-244. På den måten kan enkel aktivisme vere med på å rettferdiggjere andre moralske val, som å ikkje bidra med meir effektfulle bidrag. Det at fleire er woke kan moglegvis ha negativ innverknad på aktivismen. 

Alle er einige = Bra?

Ma og Chan viser i si forsking at altruisme er avgjerande for om ein deler noko i sosiale media. Dersom nettverket du har i dine sosiale media meiner det same som deg i ei sak, vil du lettare dele den saka (4)Ma, W.W.K & Chan, A. (2014) Knowledge sharing and social media. Altruism, perceived online attachment motivation and perceived online relationship commitment. Computers in Human Behavior, 39. S. 51-58. Kva effekt har då wokeness om vi alle er samde om kva som er sanninga? Bør ikkje den offentlege debatten ha som mål å diskutere fleire sider ved sosiale problemstillingar og avdekke også dei vi ikkje likar? 

Ein forskingsartikkel frå 2017 understreker at personar som blir eksponert for informasjon dei er sterkt usamde med vil søkje etter informasjon som kan bekrefte dei eksisterande førestillingane (5)Weeks, B., Lane, D., Hee Kim, D., Lee, S. & Kwak, N. (2017). Incidental Exposure, Selective Exposure, and Political Information Sharing: Integrating Online Exposure Patterns and Expression on Social Media. Journal of Computer-Mediated Communication. 22(6). https://doi.org/10.1111/jcc4.12199. På den måten kan denne forma for aktivisme misse dei som ein er ueinige med og dermed hindre lærerik og viktig diskusjon.

Kva risikoar følgjer med når ein ikkje oppsøker dei ein er usamde med? Det er ikkje slik at den som vert teia samtykker. Ved å invitere med dei ein er usamde med, kan ein unngå stridande polariseringar, og heller skape samtale kring viktige tema. I tillegg kan dette bidra til å modifisere det politiske korrekte, som ofte kan legge lok på stemmer som må høyrast. Som Obama formidler under Obama Foundation Summit så er det ikkje aktivisme å seie at andre har feil, det er ikkje det som skapar endring (6)https://www.youtube.com/watch?v=qaHLd8de6nM. Ved å skape rom for at det er lov å seie noko anna enn det alle andre meiner, vil debatten verte meir fruktbar. Det er slik utvikling skjer, ved å utfordre det som er komfortabelt og konformt. 

Bidreg til spreiing av fake news

Villeiande informasjon har i seinare tid blitt eit mykje brukt verkemiddel for å få støtte. Når ein i stor grad nyttar sosiale media som kjelde til aktivisme, kan ein fort verte ein aktiv bidragsytar til spreie falske nyheiter. Ei nyleg publisert studie undersøker korleis villeiande informasjon vert spredd i sosiale media. Studien viser at personar med lite kunnskap om eit tema vil i større grad dele villeiande informasjon om aktivismen kring det. Det betyr at ein i forsøk på å spreie informasjon om eit tema, kan skade den opprinnelige kampanjen eller aktivismen (7)Park, K. & Rim, H. (2020) “Click First!): The effects of Instant Activism Via a Hoax on Social Media. Social Media + Society 6(2) https://doi.org/10.1177/2056305120904706. Dersom ein berre engasjerer seg i forbigåande tema, kan det tenkast at ein ikkje har særleg mykje kunnskap om det, og difor lett kan bli lurt. 

Utnytting av trendar

Store selskap kan lettare appelere til kundegruppa dersom dei viser å vere engasjerte i samfunnsproblem og dermed utnytte trenden i samfunnet. Det kan vere alt frå å reklamere med økologisk bomull til å ha regnbogefarga profilbilde på facebook under gjennom pridemånaden. 

Kundar som er woke, kan bli lurte til å velje nokre varer framfor andre fordi dei tilsynelatande er betre eller kjem frå eit selskap med tilsynelatande betre verdiar. Eit kjent døme på det kan vere Pepsi si reklame frå 2017. Kardashian-ikonet Kendall Jenner fronta reklama der ein demonstrasjon mot ukjent urett vart løyst ved at Jenner gav ei Pepsi til ein politimann. I ei tid der Black Lives Matter er med på å definere ei nyleg påbegynt tiår, vil ei slik forenkling av røynda vere naiv, dumdristig og arrogant. Det viser berre korleis store selskap forsøkjer å utnytte rørsle i samfunnet for eiga vinning. 

På mange måtar ser det ganske mørkt ut. Gruppepolarisering, falske nyheiter, rettferdigjering av moralske val, sjølvhevdande merkevarebygging og altruisme trumfar søken etter faktisk kunnskap og objektiv avbilding av samfunnet. Sosial bevisstheit med røter i wokeness kan akkumulerast, skape demonstrasjoner og slik framlegge politisk press for forandringer. Kanskje kan det store engasjementet i sosiale media no gjere at regjeringa vel å hjelpe fleire enn 50 flyktningar frå Moria. 

Klimaforskar Karen O’Brien ved UiO understreker at i møte med klimaendringane, må vi utfordre dei grunnleggande tankane og førestillingane vore om endring. Endringar som må skje kan ikkje vere midlertidige, men må skje på praktisk, personlig og politisk nivå (8) O´Brien, K. and Sygna, L. (2013) Responding to Climate Change: The Three Spheres of Transformation. Proceedings of Transformation in a Changing Climate, 19-21 June 2013, Oslo, Norway. University of Oslo. ISBN: 978-82-570-2000-1. Det er når ordet «woke» ironisk nok betyr det som kan skildrast som det motsatte – ei blind følgjarskare i eit ukritisk ekkokammer –  at dei negative konsekvensane kjem fram. Det er på tide å opne augene, sjå seg sjølv i spegelen og ta til handling.

The revolution will not be televised

You will not be able to stay home, brother

You will not be able to plug in, turn on and cop out

You will not be able to lose yourself on skag

And skip out for beer during commercials

Because the revolution will not be televised

 

The revolution will not be televised, will not be televised

Will not be televised, will not be televised

The revolution will be no rerun brothers

The revolution will be live

 

– Gil Scott-Heron, 1970   

Dette innlegget er 4 år gammelt. Informasjon i innlegget kan være utdatert.

Referanseliste[+]