Kven skal redde verda no?

Dette innlegget er 5 år gammelt. Informasjon i innlegget kan være utdatert.
Bilde: Pixabay

Klimadebatten rasar i media. Kven skal ta ansvar for at jorda kan gå under? Framtida sine kloke hovud er råka av “klimaangst” og det ser på mange måtar mørkt ut. Kva meir kan Greta Thunberg, staten og foreldra gjere for at barna ikkje skal verte heilt handlingslamma?

NRK publiserte i sumar ei sak om ei ung jente, Pernille, som hadde fått angstanfall då fokuset i undervisninga omhandla klimaendringane som vi i dag står ovanfor (1)https://www.yr.no/magasin/pernille-_12_-har-klimaangst—slik-fikk-hun-hjelp-1.14585668. I Big Little Lies, ein serie frå HBO Nordic, møter vi også på ei ung jente som har klimaangst. Det har blitt eit omgrep i populærkulturen. Dersom du googlar «Climate anxiety children», får du nærmare 39 millionar treff. Mange av treffa innheld tips til kva foreldre skal gjere, som har barn som er «råka». Denne forma for angst verkar å vere på veg inn i daglegtalen vår. 

Forsking på korleis barn vert påverka av den usikre framtida knytt til klimaforandringane er i vekst. Det er kanskje ikkje så rart med tanke på at det er ei krise som vil råke oss alle. I ein rapport utarbeida av Unicef og IPSOS kjem det fram at 74% av barn i Storbritannia, Spania og Sverige er bekymra for klimaendringane og kva endringar som vil skje innan dei veks opp. Vidare oppgir 73% at dei ønsker at staten skal gjere meir for å handtere klimaendringane (2)https://downloads.unicef.org.uk/wp-content/uploads/2013/09/unicef-climate-change-report-2013.pdf?_ga=2.115858243.495899391.1517286128-426487953.1517286128. I ein forskningsartikkel frå Universitetet i Colorado vert fenomenet «ecophobia» blant barn skildra (3)https://doi.org/10.1080/00958964.2011.602131. 

Frykt for framtida

Ekofobi vert definert som ei stor frykt for endringar i miljøet og klimaproblem. Åtferd knytt til ein slik ekofobi kan vere oljesøl, øydelegging av regnskogen og jakt på utryddingstrua dyr (4)http://www.simplicityparenting.com/Beyond%20Ecophobia.pdf. Ei av årsakene til denne typen fobi kan vere måten barn blir presentert for klimaendringane. Anna forsking viser også at barn og unge er redde for at verda skal gå under i deira levetid. (5)https://doi.org/10.1007/s11920-018-0896-9. Media si eksponering av klimakrisa er med på å skape ei bilete av kva framtidas vaksne står ovanfor. I følgje Medietilsynet har 87% av barn mellom ni og elleve år eigen telefon (6)https://medietilsynet.no/om/aktuelt-2018/stadig-flere-barn-far-mobiltelefon/. Luftkvalitet i byar, Amazonas som brenn og orkanar på veg mot USA er nokre av katastrofene som blir skrive om i norske aviser og i sosiale media den siste tida. Når unge barn leser og ser slike saker kan dei ha mange ulike reaksjonar.

Det er ikkje rart dersom ei kjensle av håplausheit og fortvilelse breier seg ut over den yngre generasjonen. For på måten det vert framstilt og formidla, kan det sjå ut som ei framtid utan håp. Eksempel på overskrift som særleg kan skremme barn og unge kan vere ei som nyleg sto på trykk: «Verdas lunger brenn» (7)https://www.nrk.no/amazonas-brenner-1.14671744. Samstundes som at det var mange som vart engasjerte og bidrog grunna dette, kan det likevel verte plukka opp av barn. Det er då viktig at skulen og foreldre involverer barna i samtalen om klima, særleg når slike saker dominerer mediebilete.

Kva kan gjerast annleis?

For å hindre at barn kjenner på ei slik håplausheit, klimaangst eller ekofobi kan eit tiltak vere å endre måten ein kommuniserer med barn når det kjem til klima. CICERO, senter for klimaforskning, publiserte i 2018 ein rapport om effektiv klimakommunikasjon. Mellom anna vert synlig engasjement trekt fram som ein effektiv måte å kommunisere klima på (8)https://pub.cicero.oslo.no/cicero-xmlui/bitstream/handle/11250/2557626/Effektiv%20klimakommunikasjon%20-%20Def%20-%20WEB.pdf?sequence=5&isAllowed=y. Eksempel på slikt engasjement kan vere klimastreikane blant skulebarn i heile verda. Slike verdsomfattande aksjonar skapar ei kjensle av tilhøyrigheit. I tillegg vil det at det er verdsomspennande vere med på å forsterke kjensla av at dette er noko ein må vere med på.

I ein annan rapport frå Unicef seiast det at arbeid med klimaproblema vil gi ein psykologisk beskyttelse i form av at barn vil føle at dei har meir kontroll, at dei er meir hjelpsame og motstandsdyktige (9)https://issuu.com/unicefpublicationsnewyork/docs/ccc_final_2014. I ein studie gjort på australske barn kjem det fram at synet på framtida er viktig for handteringa av klimakrisa (10)https://link.springer.com/content/pdf/10.1007%2Fs11920-018-0896-9.pdf#page=8. I praksis vil det seie at ein må ha fokus på at framtida kan bli bra når ein kommuniserer med barn. Det kan føre til at barn ser ei viktigare rolle i samfunnet, som dei kan ta og faktisk ha innverknad på framtida.

Patologisering av normale tilstandar

Klimaangst og ekofobi er omgrep nytta til å skildre korleis barn opplever klimakrisa. Er det nødvendig å patologisere tilstandar hjå barn på denne måten? Det er kjent for mange å bli stigmatisert på bakgrunn av diagnose. Om barna sjølv ikkje har trua på framtida, må ein i alle fall gjere det ein kan i si makt for å ha trua på dei. Det gjer ein ikkje ved å stille diagnosar eller gi normale tilstandar kliniske omgrep. I tillegg kan ein stigmatisere seg sjølv også. Rett å slett ikkje ha trua på at dei krisene ein står ovanfor er moglege å løyse. For det er faktisk ei krise, og då kan ein ikkje ha ein generasjon som let seg stogge av angst eller fobi. Det verda krev no er handlekraft og viljestyrke. Som i forskinga frå Australia viser er det viktig at barn har eit positivt bilete av framtida, slik dei føler dei kan gjere noko. Dette aspektet mister ein kanskje dersom ein i nyttar tid og ressursar på å patologisere tankane barn har, i staden for å endre framtidsbilete og fremme klimavenleg aktivitet.

Ein må nytte den kjensla som klimakrisa hjå barn til å skape engasjement og interesse. I skulesystemet, heime og på andre arenaer må barn bli tekne seriøst. Måtane ein vel å kommunisere klimakrisa på, må vere gjennomtenkt og tilpassa barn. Korleis barna møter katastrofane i media kan vere ein trussel for forståing av omfang og løysing. Ein må ikkje gløyme at det er desse hovuda som kanskje sit på løysinga til klimakrisa.

Dette innlegget er 5 år gammelt. Informasjon i innlegget kan være utdatert.

Referanseliste[+]