Kur mot konspirasjonsteori

Dette innlegget er 3 år gammelt. Informasjon i innlegget kan være utdatert.

Debattredaktør

Illustratør

Qanon, antivaxxers og motstandarar av 5G har alle stor oppslutning blant konspirasjonsteoretikarar. Dei kan møte behov for tilhørigheit, godt sjølvbilete og tryggleik i usikre situasjonar. Samstundes skapar det polarisering og hindrar demokratiske prosessar og handtering av globale utfordringar, som klimakrise og pandemi. Er dei som er oppslukt allereie fortapt?

Til tross for at sunn fornuft og eit kritisk blikk er viktig, kan det verke som at det for nokre konspirasjonsteoretikarar har teke litt over. Det er freistande å le, og det gjer vi óg. Kari Jacquesson har nok skapt meir latter enn dei fleste komikarar i 2020. Samstundes er det skremande at fleire og fleire stiller spørsmål ved etablerte sanningar. Korleis kan ein hjelpe ein konspirasjonsteoretikar ut i frå ei vrangførestilt verd?

Kven vert konspirasjonsteoretikarar?

Ei metaanlayse av Douglas og kollegaer har identifisert nokre psykologiske faktorar som gjer ein meir sårbar for å tru på usann og sirkulær argumentasjon. I usikre situasjonar vil det for nokre oppstå behov for å finne meining og noko handfast. Konspirasjonsteoriar kan ofte dekke dette behovet, ved å gi breie og tilsynelatande konsistente teoriar ein kan tru på i møte med usikkerheit (1) Douglas, K. Uscinski, J. Sutton, R. Cichocka, A. Nefes, T. Ang, C. S. & Deravi, F. (2019). Understanding Conspiracy Theories. Political psychology, 40(1). P. 3-35. https://doi.org/10.1111/pops.12568  

Ønskje om tilhørigheit gjer også at ein er meir sårbar for å tru på konspirasjonsteoriar. Særleg fordi ein i konspiratoriske grupper har eit positivt syn på gruppa som heilheit og deltakarane i den (2) Douglas, K. Uscinski, J. Sutton, R. Cichocka, A. Nefes, T. Ang, C. S. & Deravi, F. (2019). Understanding Conspiracy Theories. Political psychology, 40(1). P. 3-35. https://doi.org/10.1111/pops.12568 . Blant deltakarane er det høgare førekomst av narsisistiske trekk, der ein trur at ein er betre enn andre og har ei kjensle av manglande anerkjenning frå andre (3)Cichocka, A. Marchlewska, M. & Golec de Zavala, A. (2015) Does Self-Love or Self-hate predict conspiracy beliefs? Narcissism, self-esteem, and the endorsement of conspiracy theories. Sosial psychology and personality science, 7(2). P. 157-166. https://doi.org/10.1177/1948550615616170 . Ved å tilskrive andre ansvar for negative hendingar og konsekvensar i samfunnet, vil ein styrke bilete av seg sjølv og eigen moral (4) Douglas, K. Uscinski, J. Sutton, R. Cichocka, A. Nefes, T. Ang, C. S. & Deravi, F. (2019). Understanding Conspiracy Theories. Political psychology, 40(1). P. 3-35. https://doi.org/10.1111/pops.12568 . Det kan for mange vere betre å vere ein del av noko enn ingenting.

Mistillit og motstand 

Til tross for at konspirasjonsteoriar tilsynelatande kan dekke behov hjå individet, har forskning vist at det i realiteten har fleire konsekvensar. Tilhørigheita til grupper som isolerer seg frå samfunnet elles, gjer at ein skårar høgare på fiendtlegheit og har mindre tillit til samfunnet (5) Douglas, K. Uscinski, J. Sutton, R. Cichocka, A. Nefes, T. Ang, C. S. & Deravi, F. (2019). Understanding Conspiracy Theories. Political psychology, 40(1). P. 3-35. https://doi.org/10.1111/pops.12568 . Det viser seg til dømes ved at ein viser mindre prososial åtferd i møte med personar utanfor gruppa (6)Van der Linden, S. (2015). The conspiracy-effect: Exposure to conspiracy theories (about global warming) decreases prosocial behavior and science acceptance. Personality and Individual differences, 87, P. 171-173. https://doi.org/10.1016/j.paid.2015.07.045 Kjensla av autonomi og kontroll kan vere freistande, men når ein stadig forklarer alle utfordringar og problem som eit resultat av ei mektig gruppe sine handlingar, vil den opplevde kontrollen vere liten (7) Douglas, K. Uscinski, J. Sutton, R. Cichocka, A. Nefes, T. Ang, C. S. & Deravi, F. (2019). Understanding Conspiracy Theories. Political psychology, 40(1). P. 3-35. https://doi.org/10.1111/pops.12568 . Om det alltid er andre som styrer utfallet, korleis har ein då kontroll?

Vidare vil ein, ved å knyte seg til eit slikt ekstremt standpunkt, verte motstandsdyktig mot overtyding frå andre. I møte med utgruppa vil ein verte mindre villig til å endre standpunkt i det ein får høyre motargumentasjon. Dette viser seg særleg dersom motparten er skråsikker eller truande i ordlegginga eller krever endring (8)Swami, V. Voracek, M. Stieger, S. Tran, U. S. & Furnham, A. (2014). Analytic thinking reduces belief in conspriacy theories. Cognition, 133(3) s. 572-585. DOI: https://doi.org/10.1016/j.cognition.2014.08.006 . Den tradisjonelle diskusjonen kan rett og slett gjere vondt verre og føre til at ein oppsøker meir informasjon som støttar konspirasjonsteorien framfor å vere nyfiken på motargumentasjon. 

Vaksinasjon mot antivaxx

Jolley og Douglas argumenterer for at førebyggande arbeid er den beste måten å hindre spreiing av konspirasjonsteoriar (9)Jolley, D. & Douglas, K. (2017). Prevention is better than cure: Adressing anti-vaccine conspiracy theories. Journal of applied social psychology, 47(8), p. 459-469. https://doi-org.pva.uib.no/10.1111/jasp.12453 . Ei gruppe menneske vart presentert for argument for å motbevise antivaksinasjon og deretter argument for antivaksinasjon, medan den andre fekk same informasjon i omvendt rekkefølge. Derette vart alle deltakara spurde om haldningar til antivaksinasjonskonspirasjonsteoirar og i kva grad dei opplevde vaksiner som farlege. I tillegg fekk dei beskjed om å førestille seg eit fiktivt barn og avgjere om det skulle bli vaksinert mot ein oppdikta sjukdom. 

Resultatet viste at om personar fekk presentert argument mot antivaksinasjon før argument for antivaksjonasjon trudde dei mindre på konspirasjonen og uttrykte færre farar ved vaksinasjon enn ved omvendt rekkjefølge. Dette viser tydeleg at motargumentasjon etter eksponering for konspirasjonsteoriar har mykje mindre effekt enn om ein får presentert motargumentasjonen først. Når ein ikkje har noko motargument mot konspirasjonen, er det mykje lettare å bli overtydd om at argumenta stemmer (10)Jolley, D. & Douglas, K. (2017). Prevention is better than cure: Adressing anti-vaccine conspiracy theories. Journal of applied social psychology, 47(8), p. 459-469. https://doi-org.pva.uib.no/10.1111/jasp.12453 .

Analytisk tenking svekkar tru

Om ein ikkje får presentert motargument først, er det utfordrande å endre standpunktet til nokon i ettertid. Kva andre metodar kan ein nytte? Fleire studiar viser at låg skår på analytisk tenking er assosiert med stor tru på konspirasjonsteoriar. Konspirasjonsteoriar sin argumentasjon er sirkulær, gjentakande og har mange logiske bristar. Ved logiske og aktive vurderingar av bevis for påstandar kan ein lettare oppdage fallgruvene ved argumenta. Det er lettare å akseptere konspirasjonsteoriar om ein legg ned lite kognitiv innsats og kan trekke slutningar basert på eigne tankar framfor eksterne kjelder (11)Swami, V. Voracek, M. Stieger, S. Tran, U. S. & Furnham, A. (2014). Analytic thinking reduces belief in conspriacy theories. Cognition, 133(3) s. 572-585. DOI: https://doi.org/10.1016/j.cognition.2014.08.006

Swami og kollegaer viste i ei eksperimentell studie at læring av analytisk tenking fører til endringar i trua ein har på konspirasjonsteoriar (12)Swami, V. Voracek, M. Stieger, S. Tran, U. S. & Furnham, A. (2014). Analytic thinking reduces belief in conspriacy theories. Cognition, 133(3) s. 572-585. DOI: https://doi.org/10.1016/j.cognition.2014.08.006 . To grupper si tru på konspirasjonsteoriar vart målt, der gruppene hadde lik skår. Deretter fekk den eine gruppa gjennomføre eit treningsprogram i analytisk tenking. Etter denne treninga vart gruppene igjen målt i tru på konspirasjonsteori. Resultatet viste ein signifikant skilnad mellom dei to gruppene etter at den eine hadde lært analytiske tenking. Å betre evna til å tenkje analytisk gjer at ein vert mindre sårbar for å bli overtydd. 

Vanskeleg å omvende dei truande

Sjølv om resultata er lovande, står utfordringane i kø. Korleis får ein personar som er skeptiske til forskning og utgruppa, til å gjennomføre eit program som for dei kan opplevast som forsøk på hjernevasking? Med dette som bakteppe kan det vere vanskeleg å omvende dei truande. Det er derimot mogleg å arbeide preventivt og hindre at fleire blir overtydd.

Slik ståda er no, er det ingen kur mot konspirasjonsteoretikarar. Problemet ligg kanskje litt i spørsmålet óg. Dersom intensjonen er å kurere nokon, impliserer dette at ein ser på dei som sjuke – at noko manglar dei. Denne tilnærminga i seg sjølv kan vere skadeleg og hindrar oss i å forstå det vi vil forandre. 

Dette innlegget er 3 år gammelt. Informasjon i innlegget kan være utdatert.

Referanseliste[+]