Korleis kome seg til psykolog på staten si rekning

Dette innlegget er 5 år gammelt. Informasjon i innlegget kan være utdatert.
Bilde: Pixabay

Å gå til psykolog er i dag eit must for å kunne avansere i dei høgare samfunnslaga. Ein kan ikkje verte kjendis eller bloggar utan ei solid angstdiagnose. Å dyrke den mørke melankolien er nødvendig for å verte den hippaste hipsteren. Samstundes er det ikkje lett å kome gjennom nøkkelholet på fastlegekontoret. I den andre enden ventar den ettertrakta psykologhimmelen, spesialisthelsetjenesta, det heilage DPS. Det finnast endå ein veg for oss som ikkje kan skilte med søvnlause netter og angstfulle dagar.

Det første ein må gjere er å planlegge ein strategi for korleis ein skal møte helsevesenet. Før du i det heile teke tek første steg til fastlegen kan det vere lurt å invitere familien til ein tacokveld. Det er ikkje gullrekka som står på menyen, men ei runde «Kven har det eigentleg verst?». På den måten er ein klar til å argumentere for å kome inn på den fire månadar lange ventelista til ein psykologplass. Til tross for at sjukdomsbileta til depresjon og angst ofte inneheld symptom som lågt energinivå, tristheit, trøttheit og apati, må ein arbeide og vere overtydande når ein skal snakke med fastlege. Fastlegen elskar sjølvsagt rutta pasientar som veit kva som kravst for å visast vidare.

Når ein først nyttar familie til å trekke fram mørke og dystre tankar kan ein like godt nytte dei til andre tenestar òg. Til dømes kan du ta med mor, far eller ei senil bestemor til legen. Om du er så skjør at du må ta med deg ein representant som talerør viser du at du både er psykologkåt og truverdig overtydande. Familie er som tidligare poengtert til for å (ut)nyttast og det vil derfor vere relevant å vise til avvikande og deprimerande familiestatistikk. Helsevesenet skal vere evidensbasert og ein ekte fastlege elskar når pasientar har lest seg opp på diagnosar som er kopla til genar. Ei gamletante som er deprimert – check. På den måten kan du vise at psykologhjelp skulle vore gitt på resept dagen du planta beina på jorda.

Ei anna moglegheit er å forsøke å sette seg inn i ein deprimert sitt hovud. Ein kan sjå på det som ei daningsreise til India, ei helvetesveke til «ditt indre jeg». Viktige føresetnadar for å verte deprimert er å ha eit dårleg sjølvbilete. Bryt deg sjølv ned, hald deg inne, unngå fysisk aktivitet og et uregelmessig og usunt. Vidare må du kutte ut sosial samkvem med dei som tilfører noko positivt til livet ditt. Kanskje har du nokre «ungdomsskulevener» som gav deg anoreksi eller sosial angst?

Dersom du har problem med å vandre den einsame sti til depresjon og elendigheit, kan du lese bloggar. Den siste tida har Sophie Elise vore i vinden for sine utsegn knytt til kompleks. Ved å lese bloggen hennar vil du fort få kompleks for strekkmerker, sjokkerande hårfeste og altfor tjukke lår. Når du først har klikka deg inn på bloggen blir du servert annonselenker til kle, sminke og anna drit ho tener ræva av seg på.  I verste tilfelle ender opp med å faktisk verte deprimert utan å kome gjennom til psykolog. Heldigvis kan bedrifta Sophie Elise sikkert anbefale ein kirurg som kan hjelpe deg. Du vert i det minste penare.

Skulle du sky å måtte lyge til fastlegen og ta opp sjuke sin plass i køa kan du nytte den private marknaden. I tillegg til å kaste pengar ut vindauget kan du møte innverknadsrike menneske på venteromet. Alle veit at bak kvar ein suksessrik person står det ein svært rik psykolog. Venteromet kan vere ein arena for networking og mingling. På same måte som på ein reunion frå ungdomsskulen kan du plukke frå øvste hylle med forferdelige skjebnar og endelause sorger. Som mange andre har gjort før deg er dette ei moglegheit til å sparke dei som ligg nede. «Så du er manisk og ønskjer å investere i forbrukslånmarknaden?». Der var du kvitt gjelda Sophie Elise gav deg. Nettverket ditt har plutseleg vakse. Sjølv om ein skal vere deprimert og ha angst, er det viktig å vokse på dette og bli suksessrik. Ein blir ikkje suksessrik utan å ha ei suksesshistorie. Biografien sel så mykje betre om ein kan vise til ei «Det er i motbakkar det går oppover» -historie.

Med tilvisinga i den eine handa og blåsyra i den andre kan du endeleg starte di klassereise. Til tross for ein lang veg, kan du etterkvart vise til grundige psykologtimar og altfor mange rundar med deg sjølv. Når den sørgmodige smertereisa di nærmar seg avstiging og du har utlevert det udeprimerte og angstfattige livet ditt kan du gi deg sjølv ein diplom – Du kan endelig bli ein ekte melankolsk samfunnsrelevant influencer.

 

Dette innlegget er 5 år gammelt. Informasjon i innlegget kan være utdatert.