Frivillig hjelpearbeid – Mot si hensikt?

Dette innlegget er 4 år gammelt. Informasjon i innlegget kan være utdatert.

Illustratør

Poverty tourism, white savior, voluntourism og fattigdomsporno – kjært barn har mange namn. Å reise til det ukjente, med håp om å gjere verda betre på nokre veker er eit kjent fenomen. Med fullpakka ryggsekk, myggnetting og håpefulle auge har fleire nordmenn vendt nasa mot ei framand verd. Spørsmålet er om dei eigentleg gjer barna i Afrika noko tjeneste? 

Vi har vel alle skrolla i Instafeeden vår og sett bilete av vakre afrikanske barn omfavna i solbrende, norske hender. Gjennom utveksling, backpacking og organisasjonar reiser mange til land med behov for hjelp. Hjelpearbeidet kan føregå i skular, på barneheimar og elles i lokalsamfunna. Pakken er freistande; sol, barn, fresh instafeed og ein svær dose god samvit. Eg tvilar ikkje på intensjonen ved slikt arbeid, men på kunnskapen om effektane av dette arbeidet. I samtale med psykolog Unni Heltne, ekspert på krisepsykologi, kjem det fram at kortvarig hjelpearbeid ikkje nødvendigvis har god effekt. 

– Ikkje driv psykososialt, individretta arbeid

Unni Heltne er psykolog og administrasjonssjef ved Senter for Krisepsykologi. Ho har vore ein stor bidragsytar for utvikling av intervensjonar for barn utsett for traumatiske hendingar.

Det er særs viktig at tiltaka som vert gjennomført ved hjelpearbeid må gjennomførast på lokalbefolkinga sine premissar. Dei lokale har kunnskap om sin kultur og sine behov og må sjåast på som ressursar, seier Heltne.

Heltne stiller seg kritisk til psykososialt arbeid som skjer over kort tid. Ho meiner at dei gode erfaringane som dei frivillige tek med seg heim, ikkje kan vere grunnlag for å drive med hjelpearbeid med sårbare barn.

Det er ikkje barn som skal betale for det, understreker ho.

Det er ikkje urimeleg å seie at prisen barna må betale for vestlege ungdommar sine erfaringar er fór dyr (1)Guttentag. D., A. (2009) The Possible Negative Impacts of Volunteer Tourism. International Journal of Tourism Research, 11, s. 537-551. https://doi.org/10.1002/jtr.727 . Det er ikkje uten grunn at FN i desember 2019 avslutta si støtte til barneheimar (2)Speed, J. (2019, 23.12) FN avvikler støtten til barnehjem. Bistandsaktuelt. Henta 24.02.20 frå https://www.bistandsaktuelt.no/nyheter/2019/fn-avvikler-stotten-til-barnehjem/. Fleire studiar har vist at barn som bur på institusjonar lid under dårlege kår med konsekvensar som sosiale, åtferdsmessige og emosjonelle problem. Barna skårer signifikant dårlegare på sosial kompetanse, leik og interaksjon med jamnaldra og fleire viser antisosial åtferd. Heile 10% av barna har autismeliknande symptom som sjølvstimulerande åtferd, til dømes å slå hovudet i veggen (3)Johnson, R., Browne, K., Hamilton-Giachritsis, C. (2006) Young Children in Institutional Care at Risk of Harm. Sage Journals, 7(1), s. 34-60. https://doi.org/10.1177/1524838005283696 .

Med eit så dårleg utgangspunkt er det uansvarlig å drive arbeid ein ikkje veit effekta av. Til tross for at ein som frivillig kan tenkje seg at fleire vaksne vil gi meir tryggleik og kjærleik, kan dei langsiktige konsekvensane vere at barna får enno større problem.

Dei som bur på barneheimar har tidlegare i livet opplevd flyktige relasjonar og det vil ikkje vere etisk rett å utsette dei for det igjen, seier Heltne. 

Tilknyting er sentralt for utvikling og for å oppleve trygg tilknyting er det viktig med stabile og trygge omsorgspersonar. Dersom barna skal oppleve å bli forlatt av frivillige etter berre nokre veke, vil dei indre arbeidsmodellane verte forma av dette. Desse arbeidsmodellane vil danne grunnlag for korleis barn forheld seg til andre i seinare relasjonar. Ved brudd på tilknyting kan ein utvikle tilknytingslidingar, noko forsking tyder på har høgare prevalens hjå barneheimsbarn (4)Johnson, R., Browne, K., Hamilton-Giachritsis, C. (2006) Young Children in Institutional Care at Risk of Harm. Sage Journals, 7(1), s. 34-60. https://doi.org/10.1177/1524838005283696. Til tross for at Heltne har lang erfaring som psykolog, involverer ho seg ikkje i kortvarige relasjonar når ho er ute å arbeider i kriseområder.

Kva kan eg tilby på så kort tid? Det er ikkje fornuftig å bidra med individuelle psykososiale støttetiltak, understreker Heltne.

Fleire har handla uetisk

Heltne fortel om uheldige hendingar der vestlege fagpersonar har drive med behandling over kort tid i utsette område, utan å følgje opp. Også evalueringa av behandlinga har vore fråverande. Tiltaka er ikkje det lokalsamfunna har behov for. Generelt sett må ein vere klar over kulturskilnadane og vår bakgrunn. 

Vi må ikkje gløyme at vi er ekstremt privilegerte og ekstremt rike. Dette gir ein ujamn maktbalanse. Det er difor viktig at dei som kjenner forholda skal vere dei som definerer kva det er behov for. Om ein ikkje halder i tråd med eksisterande normer i samfunnet kan det oppstå forvirringar for barna, meiner Heltne.

At kulturelle skilnadar kan vere utfordrande er ikkje ukjent. Intervju gjort blant frivillige og lokale helsearbeidera i Tanzania avslørte at samarbeidet var langt frå knirkefritt. Dei lokale arbeiderane brukte mykje tid på å oversette og drive opplæring og rettleiing. Til tross for at institusjonen deira fekk pengar for å ha dei frivillige der, gjorde det ikkje opp for alt ekstraarbeidet det førte med seg. I tillegg til ekstraarbeid følte dei lokale seg undertrykt av dei frivillige. Tanzaniarane opplevde at dei frivillige kom for å belære dei om deira arbeid (5)Sullivan, N. (2018). International clinical volunteering in Tanzania: A postcolonial analysis of a Global Health business. Global Public Health, 13 (3), 310-324. 10.1080/17441692.2017.1346695

Til tross for dei mange negative sidene ved frivillig hjelpearbeid i fattige område, er det mogleg å reise. 

Det er ikkje meininga å skremme. Ein kan reise, men då kan ein ikkje vere naiv. Med tanke på at dette er ein kommersiell industri, må ein vere kritisk til kva ein blir med på, fastslår Heltne. 

Den kommersielle industrien kan ha ført til at langt fleire barn enn nødvendig bur på barneheimsinstitusjonar. Heile 80% av alle barneheimsbarn har ein eller fleire foreldre i live. I følgje Redd Barna vil foreldra kunne ta vare på barna med noko støtte (6)Save the Children (2009). Keeping children out of institutions – Why we should invest in family based care. Henta 25.02.20 frå https://www.thinkchildsafe.org/thinkbeforevisiting/resources/STC_keeing_children_out_of_insitutions_why_we_should_invest_in_family_based_care.pdf . Det er fleire døme på at barn har vore utsette for menneskehandel, ved at bakmenn har kjøpt barn og sett dei på barneheimar. Dette genererer pengar frå besøk av ukritiske og naive turistar, som går direkte til bakmennene (7)Punaks, M., & Feit, K.  v/ Next Generation Nepal (2014). The Paradox of Orphanage Volunteering. Henta 25.02.20 frå http://www.thinkchildsafe.org/thinkbeforedonating/wp-content/uploads/The-Paradox-Of-Orphanage-Volunteering-NGN.pdf. 

Ønskje om å reise likvel?

Dersom ein ønskjer å reise anbefaler Heltne å drive anna arbeid enn psykososialt arbeid, som ved ein barneheim. Psykologen trekk fram at arbeid som konstruksjons- og oppryddingsarbeid, sprøytesetjing og utdeling av medisinar, kan gjerast av frivillige som er kyndige til det.  

Ved usikkerheit kring organisasjonen ein vil reise med, kan ein kontakte Utanriksdepartementet. Alt i alt må ein vurdere om konsekvensane av arbeidet er positive og bærekraftige, avsluttar Heltne.

Dette innlegget er 4 år gammelt. Informasjon i innlegget kan være utdatert.

Referanseliste[+]