Er det plass til gud i terapi?

Dette innlegget er 4 år gammelt. Informasjon i innlegget kan være utdatert.

Illustratør

På kva stol skal Gud sitje i terapiromet? Det er lite som tyder på at religion er noko psykologar kan noko om eller vil snakke om. Konsekvensane av å neglisjera dei religiøse kan bety ei stor gruppe som ikkje føler seg møtt av det norske helsevesenet. 

For nokre månadar sidan satt eg heime hjå bestemora mi og kosa meg med kaker og kaffi. Som den moderne og framoverlente åttito-åringen ho er viste ho som vanleg interesse for mitt yrkesval, psykolog. Håpefull skubba ho eit magasin for eldre mot meg. «Terapi og religion». Her er eg på tynn is tenkte eg. Kva rolle har religion i terapi?

Det er mange tilnærmingar til religion. I det siste har kristne særgrupper uttrykt sine meiningar om homofilt samliv. Eg har teke meg sjølv i å kritisere religion generelt på bakgrunn av slike ytringar. Ein marxistisk faen har vel gått i meg, «Religion er kjelda til alt vondt». Men så svart kvitt er det vel ikkje? Religion har gjennom mange hundreår bidratt til å dekke psykologiske behov hjå individet. Når det kjem til korleis psykologien dekker religiøse behov, er historia ei anna. Mellom anna Freud og Ellis var to kritikarar av religion. Ellis meinte at religion førte til psykologisk stress, medan Freud meinte at religion var eit uttrykk for underliggande psykologiske nevrosar og stress (1)Freud, S. (1959). Obsessive actions and religious practices. The Standard Edition of the Complete Psychological Works of Sigmund Freud, 9, 115-128, (2)Ellis, A. (1980). Case Against Religion: A Psychotherapists view and the Case Against religiosity. (1.utg). USA: American Atheist Press

Religion på veg ut?

Ein snakkar ofte om at Noreg er eit sekularisert samfunn, noko som inneber at enkeltmenneske, kulturen og samfunnet har frigjort seg frå tidlegare religiøse normer eller autoritetar (3)Kværne, P. (2018, 8. november). Sekularisering. I Erik Bolstad (Red.) Store Norske Leksikon. Henta 03.11.19 frå https://snl.no/sekularisering. Likevel er det om lag 50% av dei over 16 år som svarer at dei tilhøyrar ein religion eller trusretning (4)Statistisk sentralbyrå (2017). Religion – Medlemmer av tros- og livssynssamfunn, nyeste tall. Henta 03.11.19 frå https://www.ssb.no/kultur-og-fritid/faktaside/religion. Vidare svarer om lag 20% at dei deltek i gudstenester eller religiøse møter kvar månad (5)Statistisk sentralbyrå. (2017). Organisasjonsaktivitet, politisk deltakelse og sosial nettverk, levekårsundersøkelsen – 09145: Religiøs tilhørighet og deltakelse for personer 16 år og over, etter landsdel, statistikkvariabel og år. Henta 03.11.19 frå https://www.ssb.no/statbank/table/09145/chartViewColumn. Trussamfunn som Islam og andre kristne menigheiter enn den norske kyrkja, hadde fleire medlemmar i 2018 enn i 2006 (6)Statistisk sentralbyrå (2017). Religion – Medlemmer av tros- og livssynssamfunn, nyeste tall. Henta 03.11.19 frå https://www.ssb.no/kultur-og-fritid/faktaside/religion. I ein rapport frå Statistisk sentralbyrå (SSB) blir det trekt fram at ein kan sjå på utviklinga som ein veg mot eit multireligiøst samfunn (7)Taule, L. (2014). Norge – et sekulært samfunn? Henta 03.11.19 frå https://www.ssb.no/kultur-og-fritid/artikler-og-publikasjoner/_attachment/164168?_ts=144de41b4e0. Og med denne utviklinga, korleis vert religion handtert i terapiromet?

Tal frå USA viser at psykologar generelt sett er mindre religiøse enn resten av befolkninga (8)Delaney, H.D., Miller, W.R. and Bisonó, A.M. (2007) Religiosity and Spirituality among Psychologists: A Survey of Clinician Members of the American Psychological Association. Professional Psychology: Research and Practice, 38, 538-546. http://dx.doi.org/10.1037/0735-7028.38.5.538. Det kan vere ei utfordring med tanke på at dei kliniske utdanningane i Noreg og USA har lite undervisning om religion (9)Reme. S. E., Berggraf. L., Anderssen. N., Johnsen. T. B. (2009) Er religion neglisjert i psykologutdanningen? Tidsskrift for Norsk Psykologforening, 46(9), 837-842. https://psykologtidsskriftet.no/fagartikkel/2009/09/er-religion-neglisjert-i-psykologutdanningen, (10)Brawer, P. A., Handal, P. J., Fabricatore, A. N., Roberts, R., & Wajda-Johnston, V. A. (2002). Training and education in religion/spirituality within APA-accredited clinical psychology programs. Professional Psychology: Research and Practice, 33(2), 203–206. https://doi.org/10.1037/0735-7028.33.2.203. Det vil sei at psykologar har sjeldan personlege erfaringar med religion, i tillegg til at dei har lite kunnskap om det. Til dømes har forsking vist at psykologar har større sannsyn for å patologisere religiøse fenomen ytra av pasientar, dersom dei ikkje kjenner til religionen. Dette resultatet forsterkar argumentet om at psykologar bør ha grunnleggjande kunnskap om religion, nettopp for å kunne gi alle den same behandlinga (11)O’Connor, S., & Vandenberg, B. (2005). Psychosis or Faith? Clinicians’ Assessment of Religious Beliefs. Journal of Consulting and Clinical Psychology, 73(4), 610-616. doi:10.1037/0022-006X.73.4.610.

Behov blant pasientar – lite interesse blant psykologar

I ei kvantitativ studie av pasientar, viste det seg at fleirtalet synast det var greit å snakke om religion i terapi (12)Rose, E. M., Westefeld, J. S., & Ansely, T. N. (2001). Spiritual issues in counseling: Clients’ beliefs and preferences. Journal of Counseling Psychology, 48(1), 61–71. https://doi.org/10.1037/0022-0167.48.1.61. I den same pasientgruppa svarte over 50% at dei ønska å diskutere religion i terapi. Vidare har forsking på studentar i USA vist at 20% har psykiske plager knytt til trua dei har. Plagene studentane rapporterte om var knytt til tvil, mangel på kontakt med spiritualiteten, rigide handlingar som resultat av religion, konflikt med Gud, skuldkjensle og frykt for straff (13)Johnson, C. V., & Hayes, J. A. (2003). Troubled Spirits: Prevalence and predictors of religious and spiritual concerns among university students and counseling center clients. Journal of Counseling Psychology, 50(4), 409-419. doi:10.1037/0022-0167.50.4.409.

Korleis slike plagar bør bli møtt har også blitt forska på. Psykologar med erfaring frå religiøse problemstillingar, peiker på at det viktigaste tiltaket ein kan gjere for å starte dialog om religion er å ha ein samtale om at det i terapien er openheit for at ein kan utforske religion saman. Noko psykologen sjølv kan gjere er å få meir innsikt i kva verdiar ein sjølv har til eksistensielle spørsmål. Er ein meir klar over det kan ein unngå å overføre sine eigne religiøse verdiar, men likevel vere open om det med pasienten (14)Johnson. C. V., Hayes. J. A., Wade. N. G. (2007). Psychotherapy with troubled spirits: A qualitative investigation. Psychotherapy Research, 17(4), 450-460, https://doi.org/10.1080/10503300600953520.

Ei undersøking frå 2009 kartla profesjonsstudentar sine meiningar om fokuset på religion i utdanninga. Det kom fram at utdanninga ikkje vektlegg religion og at ein tredjedel av studentane opplever at psykologifaget er fordomsfullt og respektlaust ovanfor religiøse menneske (15)Reme. S. E., Berggraf. L., Anderssen. N., Johnsen. T. B. (2009) Er religion neglisjert i psykologutdanningen? Tidsskrift for Norsk Psykologforening, 46(9), 837-842. https://psykologtidsskriftet.no/fagartikkel/2009/09/er-religion-neglisjert-i-psykologutdanningen. Professor ved UiO, Silje Reme, skreiv i 2006 hovudoppgåve om religion i profesjonsutdanninga. Reme har uttalt at det var vanskeleg å finne rettleiar til hovudoppgåva, då mange meinte det anten var uinteressant eller at dei sjølve hadde lite kunnskap om tema. Reme argumenterer for at psykologar skal kunne skilje det øydeleggande frå det sunne, også innanfor religion (16)Buer, L. (2019, 18. september). Terapi og tro: Syk av troen. Psykisk helse. Paulsen, C. (red). Henta 05.11.19 frå https://psykiskhelse.no/bladet/2019/dybing-0219. For å kunne skilje mellom sunt og usunt forhold til religion, må ein ha kunnskap om dei ulike religionane, samt dei plagene som kan oppstå.

Multireligiøs utvikling

Ein rapport frå 2017 studerte levekåra blant innvandrarar. Om lag 80% av dei som var intervjua frå Somalia, Eritrea og Pakistan meinte at religion var svært viktig. Eit anna viktig aspekt som kom frem i rapporten var at nokon av dei intervjua personane opplevde spørsmåla om religion som vanskelege å svare på eller at dei ønska ikkje å svare (17)Vrålstad, S. & Viggen, K., S. (2017) Levekår blant innvandrere i Norge 2016. Statistisk Sentralbyrå. 2017, Vol. 3. Henta 03.11.19 frå https://www.ssb.no/sosiale-forhold-og-kriminalitet/artikler-og-publikasjoner/_attachment/309211. Vidare veit ein at innvandrarar generelt sett har dårlegare psykisk helse (18)Vrålstad, S. & Viggen, K., S. (2017) Levekår blant innvandrere i Norge 2016. Statistisk Sentralbyrå. 2017, Vol. 3. Henta frå 03.11.19 https://www.ssb.no/sosiale-forhold-og-kriminalitet/artikler-og-publikasjoner/_attachment/309211.

Med eit meir multikulturelt Noreg kan ein kanskje forvente ein auke i pasientar som har eit nært forhold til religion, men også i mangfaldet av religionar. På veg mot eit multireligiøst samfunn har Noreg få tilbod for pasientar som ønskjer å ha fokus på religion i terapien. Ved Modum Bad tilbyr dei Vita-behandling til dei som gir uttrykk for at deira liding er relatert til eksistensielle og religiøse spørsmål (19)Modum Bad. (2019) Deprimerte får høydosebehandling. Henta 05.11.19 frå https://www.modum-bad.no/deprimerte-far-hoydosebehandling. Behandlinga går ut på at ein skal undersøke kva emosjonell og kognitiv funksjon religion og eksistensielle spørsmål har i individa sine liv (20)Universitetet i Oslo. (2012). Åpner terapidøren for Gud. Henta 5. november 19 frå https://forskning.no/universitetet-i-oslo-psykiske-lidelser-religion/apner-terapidoren-for-gud/728881. Der andre behandlingar har vist seg å ikkje fungere, har Vita-behandlinga gitt gode resultat, som at pasientane slutta på medisinar og byrja å arbeide igjen (21)Stålsett, G., Austad, A., Gude, T., Martinsen, E. (2010). Existential Issues and Representations of God in Psychotherapy: A Naturalistic Study of 40 patients in the VITA Treatment Model. Psyche & Faith, 21(2). s. 76-91.

Ansvarsfråskriving

Det har vist seg at psykologar generelt har lite kunnskap om religion og det kan sjå ut som at interessa er manglande i fagmiljøet. Handlar denne neglisjeringa berre om mangel på kunnskap? Det kan verke som at fagmiljøet i mangel på kunnskap, unngår samtalen om religion ved å undergrave temaet. I dei etiske prinsippa for nordiske psykologar står det under kompetanse og kompetanseutvikling “…Psykologen skaffer seg kunnskap om den vitenskapelige og yrkesmessige utviklingen innenfor sitt arbeidsområde.” (22)Norsk Psykologforening. (1998) Etiske prinsipper for nordiske psykologer. Henta 8. november 2019 frå https://www.psykologforeningen.no/medlem/etikk/etiske-prinsipper-for-nordiske-psykologer. Dersom 50% av befolkinga tilhøyrer ein religion eller trusretning vil det vere ei form for ansvarsfråskriving når få psykologar har kompetanse innanfor religion. Vidare står det i dei etiske prinsippa: “Psykologen praktiserer innenfor de grensene for sin kompetanse som følger av utdannelse, trening, erfaring og personlig styrke og begrensning…” Når eit fåtal av psykologar har personleg og fagleg erfaring med religion, skal dei i utgangspunktet ikkje praktisere innanfor det temaet heller. For å kunne tilby pasientar eller klientar den hjelpa dei har rett på, kan ei løysing vere eit kunnskapsløft innad i fagmiljøet samt i utdanninga. I staden for å neglisjere religion, slik som Freud og Ellis, kan ein vere nyfiken på kva rolle religion kan ha i behandling. Då kan bestemora mi, og alle andre som ser på religion som sentralt i terapi, få den etisk rette behandlinga dei ønskjer og har rett på. 

Dette innlegget er 4 år gammelt. Informasjon i innlegget kan være utdatert.

Referanseliste[+]