Ekstern fordjupningspraksis – primært ulønt arbeid?

Dette innlegget er 5 år gammelt. Informasjon i innlegget kan være utdatert.
På bilete: Eirik Søderholm. Foto: Nora Paulsen Skjerdingstad

For mange studentar ved profesjonsstudiet i psykologi kan semesteret med ekstern fordjupningspraksis innebere eit slitsamt halvår med 120% jobbing, der 100% av det er ulønt. Fungerar studentane primært som gratis arbeidskraft for arbeidsgiver?

Debattinnlegg

Debattredaktør

Ved 11. semester går studentar ved profesjonsstudiet i psykologi ut i ekstern fordjupningspraksis (1)https://www.uib.no/emne/PROPSY316. Dette inneberer utplassering både i sekundær- og primærhelsetenesta i Bergen, på ulike lokale helseføretak i Helse Vest, samt moglegheit for praksis ved andre institusjonar i Noreg og utlandet.

Studentane arbeidar eit semester med rettleiing av psykolog, noko som tilsvara ein 100 % fulltidsstilling. Rettleiinga skal ha varigheit på to timar per uke og det er den bestemte praksisplassen som syter for middlar til rettleiing.

Må arbeide meir enn fulltid

Ein stor andel studentar ved profesjonsstudiet i psykologi har fast deltidsjobb ved sidan av studiane. Ein viktig grunn til dette er at studentar er avhengige av deltidsjobb for å få endene til å møtast økonomisk som bortebuande studentar. Som følgje av dette vil bortebuande profesjonsstudentar i ekstern praksis ofte måtte arbeide meir enn ein fulltidstilling for å klare seg økonomisk; ca 120% dersom ein inkluderar ein typisk fast helgestilling.

Ettersom ekstern fordjupningspraksis er ulønna er det naudsynt at studentar får eit læringsutbytte som kompenserer for dette. Dette involvererer blant anna ferdigheitsmessig og kunnskapsmessig utbytte. Men dersom ekstern fordjupningspraksis skal vere noko meir enn ulønna arbeid må ein oppnå eit læringsutbytte som er utover det ein ville fått i vanleg arbeid. Dette forutsetter at det tilretteleggjast for integrering av praksis og teoretisk kunnskap samt sikring av kvaliteten på rettleiing.

Mangel på integrering av teori og praksis

– Det er rett og slett ingen undervisningsmessige tiltak – og heller ikke noe gruppearbeid – som sikrer vekselvirkning mellom teori og praksis, skreiv forfattarne av ein rapport som evaluerte ekstern praksis (2)https://kvalitetsbasen.app.uib.no/rapport.php?rapport_id=6663.

Programsensorrapporten frå 2017, som vart utarbeida av to eksterne professorer for å evaluere praksiselementar på profesjonsstudiet ved UiB, beskrev ekstern praksis som distansert frå resten av studiet. Dette blei blant anna begrunna i at studentene ikkje får tilbod om parallell undervisning eller seminarar på fakultetet.

Når det gjelder kvalitet på retteliing vart det trukket fram at innhaldet i emnet var overlatt til kvar lokale rettleiiar, at det var manglande grad av tilsyn frå den emneansvarlege, og at det var vanskeleg å få tak i korleis den løpande kvalitetsikringen av praksisplassane blei ivaretatt. Når det gjelder graden av rettleiing vart det påpeikt frå studenthold at ikkje alle mottok dei foreskrevne to timer med rettleiing kvar veke.

Ein kan leggje til at studentar evaluerer praksisplassen sin for å bestå emnet, som sånn sett kan vere ein kjelde til å kvalitetssikre praksisplassene. Det er imidtlertid ingen evalueringar tilgjengelig ute på studiekvalitetsbasen, så det blir dermed usikkert kva evaluering som foreliggjer og korleis dette blir fulgt opp.

Fleire av forholda som rapporten beskriver gjeld også per dags dato, basert på studenter som eg har vore i kontakt med sine tilbakemeldingar. Slik ekstern praksis er lagt opp, kan det verke som om universitetet har fråskrevet seg ansvar for studenters læring frå og med 11. semester. Det er derfor vanskeleg å finne kjenneteikn ved ekstern praksis som skiller seg frå arbeidslivet, kor man ved sistnemdte også har krav på nødvendig opplæring når det gjelder arbeidsoppgaver.

Annleis for profesjonsstudentar ved UiB

Både UiB, NTNU, UiO og UiT praktiserer omlag eit semester med hovudpraksis på ekstern arbeidsplass. Ved UiO og NTNU inkluderer hovudpraksisemnet imidlertid også seminarar og undervisning i etikk på instituttet (3)https://www.uio.no/studier/emner/sv/psykologi/PSYC5410/index.html (4)https://www.ntnu.no/studier/emner/PSYPRO4800#tab=omEmnet. Dette inneberer dermed at den totale arbeidsmengda ute på arbeidsplassen er litt mindre enn på UiB, og at dei mottar læringsressursar frå universitetet. Ulønt ekstern praksis ved UiO og NTNU kan sånn sett ansjåast som litt mindre kritisk enn på UiB ettersom dei her mottar undervisningsressursar ved sidan av, og dermed er mindre distansert frå universitetet. Dette tyder på at UiO og NTNU leggjer inn meir innsats for å integrere teori og praksis under ekstern praksis enn det UiB gjer.

Studentar som er utdanna ved kandidatstudiet i Danmark gjennomfører også praksis utanfor universitetet under rettleiing av psykolog (5)http://www.ansa.no/Studier-i-utlandet/For/fag/helsefag-og-medisin/psykologi/danmark-psykologi/. Forskjellen er hovudsakleg at dei har ein lengre praksis, på to år, og at dei arbeider under lisens med lønn gjennom heile praksisen. Dette gjelder til tross for at dei har oppnådd like mange studiepoeng før praksis som norske profesjonsstudentar. Det er formelt sett ein forskjell at dei er ferdig uteksaminerte kandidatar som ikkje mottar oppfølging frå noko universitet i etterkant. Denne forskjellen gjer seg imidlertid lite gjeldande i praksis når det viser seg at norske profesjonsstudentar ved Det psykologiske fakultet under ekstern fordypningspraksis – i likheit med danske kandidatar – er distansert frå universitetet.

Etterspør meir innsats frå Det psykologiske fakultet

Mange studentar befinner seg i ein hektisk semester med urimelege krav dersom ein ser på arbeidskrav under ekstern praksis i kontekst med dei generelle økonomiske utfordringane som studentar har. I tillegg er det tvilsamt at studentar får tilstrekkelig igjen for eksternpraksisen som dei ikkje kunne fått igjen i arbeidslivet seinare, ettersom studentar under ekstern fordypningspraksis er nokså distansert frå fakultetet under praksisisoppholdet, slik det framkommer av programsensorrapporten.

Det trengs meir innsats frå Det psykologiske fakultet dersom det skal tydelegjerast at ekstern praksis er meir enn ulønt arbeid.

Det kan godt tenkast at nokon studentar er nøgd med denne distansen då det gir dei fridom til å flytte heim for å ta ekstern praksis. Med til dømes skypeoverføring, kunne det likevel vert mogleg å redusere distansen, samtidig som ein opretthaldar kommunikasjonen mellom universitetet og studentar som tar praksis utanfor Bergen.

Visedekan for utdanning, Per Einar Binder, er kontakta for kommentar eller tilsvar.

Et tilsvar ble mottatt og publisert 27. 02.19.

Dette innlegget er 5 år gammelt. Informasjon i innlegget kan være utdatert.

Referanseliste[+]