Einsamheit

Dette innlegget er 3 år gammelt. Informasjon i innlegget kan være utdatert.

Arnstein Søvik, klinisk barnevernspedagog og familieterapeut

Illustratør

Formidla av meg, følt og beskreve av andre:

Einsamheit. Einsamheit er både ei kjensle, ein tanke og ei tilstand. Å vere einsam er noko kvalitativt forskjellig frå å vere aleine. Å kjenne seg einsam er å verkeleg vere aleine med – og i seg sjølv. Som eit mørkteppe, brer einsamheita seg rundt deg. Den slukar deg til du ikkje lenger kan sjå kva eller kven som er rundt deg. I det einsame mørket kan du berre sjå alt du manglar, kva du saknar og det du fryktar. Du ser ikkje denne typen redsel med auge – det er sjølve redselen du ser direkte i auget. Slik augekontakt gir fysiske smerter. Å vere einsam er ikkje å slappe av ein kveld, ein dag eller ei helg i fred og ro – aleine. Å vere einsam er ein symfoni av alt som er utrygt. Når du er einsam saknar du ikkje berre alt det som vart vekk i mørket. Når du er einsam er du livredd alt som er i mørket. Tvilen. Den tvilen som kviskrar kryptiske beskjedar som berre du kan forstå. Er eg god nok? Kjem eg til å klare det? Kvifor har eg hamna her? Kan nokon verkeleg vere glad i meg?

Denne sorten einsamheit let seg ikkje forstå i lyset. Den kan berre forståast i sitt eige mørke univers. Redselen. Nokre føler seg fanga av ei panisk sorg som skrik mot dei. Intenst. Du er ikkje god nok. Alt du gjer blir feil. Du har mislykkast. Du er mislykka

Nokre mistar seg sjølv i dette mørket, kvinner og menn, dei fell frå oss for å aldri kunne kome tilbake. Sorga. Ingen likar deg når du er einsam. Når du er einsam er du aleine med tankane dine. Alle dei tankane som kjenner alle dine svakheiter, hemmelegheiter og tunge sorger. No har også dei foråt deg. Saman med kjenslene dine angrip dei deg frå mørket. Du sit lamma tilbake, utan å kunne forsvare deg. Eit lett bytte for mørkets allierte. Alt dette vert bekrefta med den enklaste form for erkjenning; eg er her aleine og eg er heilt einsam. Einsamheita skil ikkje mellom fenomen som vi beskriv som angst eller depresjon. I mørket er det både vanskeleg å puste og det gir smerter å tenke – resultatet er at ein vert overvelda og håplaus. Ein vert einsam i mørket. 

Katarsis Føler

«Katarsis legger ut en føler», er en spalte med mål om å vise den store variasjonen av følelser og hvordan de oppleves. Vil du bidra? Les mer her.
Dette innlegget er 3 år gammelt. Informasjon i innlegget kan være utdatert.