Eg har ingen identitet

Dette innlegget er 4 år gammelt. Informasjon i innlegget kan være utdatert.

Illustratør

Eg har ingen identitet. Reisa mi gjennom ungdomstida skulle gi meg ein identitet, den har foreløpig ikkje dukka opp og eg vågar å seie at han er noko seint ute. Til tross for at eg har lest bøker om identitet, pugga dei ulike stadia i identitetsutvikling og kjent meg att i fleire av fasane, har eg fortsatt ikkje noko svar å setja strek under. Marcia og Erikson – eg ser dykk, de prøver så inderleg å forklare korleis eg skal bli meg, men det reknestykke de gir meg går ikkje opp. Er eg berre ein kropp utan noko form kontinuitet?

Jakta på ein identitet byrja for lengje sidan. Kanskje ikkje så rart? Eg er tross alt 21 år gammal. Likevel kan eg ikkje svare på spørsmål som kva meininga med livet er eller kva pålegg eg føretrekk. I dei tider eg skulle forkaste mine foreldre sine verdiar og ideal og bli eit eige individuelt menneskje, var eg på utkikk etter nokon andre å idealisere. Eg valde då dei med stilige kle – fordi det er nøkkelen til identitet, absolutt noko eg kan stå inne for den dag i dag. Kan tilføye at eg har på meg kjærasten min si bukse i dag. Denne identitetsforvirringa har verkeleg byrja å utrykke seg på dei merkelegaste måtar.

I ungdomsskulen fant eg fort ut kven eg var – eg var nemleg smart. Supert, det fanst endeleg noko handfast eg kunne gjere og vere. Identiteten var dermed veletablert. Det einaste triste var vel at eg knuste i hundretusenvis av bittesmå ynkelege bitar kvar gong eg ikkje var smart. Smart var då målt i ein kvantitativ skala frå ein til seks. Lite visste eg at menneskje er meir kompleks enn dette. Likevel valte eg å ta med denne vesle identiteten vidare – fordi den var jo ikkje sjølvdestruktiv i det heile tatt.

Til tross for denne solide karakteren eg hadde bygd meg opp, viste det seg at det slett ikkje var lett å holde på han. Når grunnen under meg raste bort, var det visst vanskeleg å berre sitja å lese heile dagen, noko som gjekk utover den fantastiske skalaen eg vurderte meg ut i frå. I staden for å endre noko var det betre å få angst. Det fungerte kjempebra. Sjølvsagt noko ubehageleg, men skål – enno meir å tilføye identiteten.

Post festum kan vel noko ha vore gjort annleis. Men eg var fortsatt supersmart og no også reflektert fordi eg hadde hatt det vanskeleg. Dette passar perfekt inn i ein melankolsk, klisjé identitet. Framtidsretta som eg var, måtte eg oppspore ei utdanning der eg kunne nytte alle dei flotte kvalitetane mine. Psykolog – det kan eg bli. Enno meir flesk på mitt identitetsbein.

Kva meir kan eg krevje? Eg hadde håpt på å ha meir trua. Det er framleis ei mangelvare – tru på denne jerngryta fylt av melankoli, sarkasme, finesse og intelligens. Som resultat har eg prøvd ut ulike identitetar. Levd ut full-angst-og-unngåing-av-andre-identiteten. Fortreffeleg usosialt men trist for å vere heilt ærleg. Happy-go-lucky-identiteten. Naiv og lukkeleg, noko som passa forferdeleg dårleg når ein eigentleg er evig pessimist og gruar meg for det som ikkje har funne eller vil finne stad. Problemet er at det er vanskeleg å plassere eit heilt menneskje inn i ein boks. Kanskje ikkje så rart at eg opplever at det å sjå til andre vil vere utilstrekkeleg.

Å forvente å passe inn i ei bestemt boks er naivt, for det er ei lettare løysing enn å grave djupt inn i sjela, forstanden eller sinnet. Det er verkeleg uuthaldeleg å ikkje vite kven ein er. Men som det gode og klassiske uttrykket seier – “be yourself because everyone else is shit”.

Så er eg kanskje ikkje turjente på Ulrikken i norønnabukse eller ho på mimosalunsj i parken med bestejentene. I samtale med min ti år eldre bror sa han at han også var usikker på sin identitet. Tanken på at vi delar same genar, gjer at framtidsutsiktene for identitet er mørke. Samstundes må kanskje alle tankar og forventingar ebbe ut før den omsider dukkar opp. I retrospekt vil eg sikkert tenke «faen så dum eg var. Det var jo **** eg var heile tida». Fram til då får eg berre vere – sjølv om eg synast det er det vanskelegaste ved heile livet.

Dette innlegget er 4 år gammelt. Informasjon i innlegget kan være utdatert.