Psykologistudentar misforstår grunnleggjande åtferdsanalyse

Dette innlegget er 4 år gammelt. Informasjon i innlegget kan være utdatert.
Eirik Søderholm. Foto: Nora Paulsen Skjerdingstad

Debattredaktør

Åtferdsanalyse er ein fleksibel og praktisk nyttig tilnærming for å forklare årsaken til, og behandle, åtferdsvanskar og psykiske lidingar. Diverre blir åtferdsanalyse ofte misforstått av psykologistudentar og psykologar som S-R-vitenskap som kun befatter seg med primitiv åtferd, og dens potensial blir dermed undervurdert.

Åtferdsanalyse handlar om å forstå årsakane til og kontrollere åtferd. Den baserer seg på fysiske og historiske hendingar for å årsaksforklare åtferd. Åtferdsanalytiske prinsipper er klassar av slike hendingar og dei er definert etter funksjonelle likheiter. Det vil sei at dei påverkar åtferd på grunnleggjande same måte, ved å svekke (straff) eller auke (forsterkarar) sannsynet for reaksjonar og handlingar. Ettersom prinsippene er funksjonelle betyr dette at same fysiske hendelse kan ha ulike verknadar frå individ til individ frå gong til gong, og at man dermed kan arrangere forsterkningsbetingelsar på mange forskjellige måtar (1)Holden, B. (2002). Hva er atferdsanalytisk behandling? Tidsskrift for Norsk Psykologforening.

Når dei grunnleggjande prinsipp frå åtferdsanalyse er kjent, kan man vidare spørje seg korleis vitenskapen åtferdsanalyse skiller seg frå tradisjonell psykologi, korleis den er nyttig for å forstå psykiske lidingar, samt oppklare misforståingar kring åtferdsanalytiske termer og radikalbehaviourismens standpunkter.

Forskjellen på åtferdsanalyse og tradisjonell psykologi

Åtferdsanalyse blir ofte i lærebøker beskrevet som ein grein av psykologien, men åtferdsanalyse kan også betegnast ofte som ein sjølvstendig vitenskap, som skil seg frå tradisjonell psykologi på vesentlige punkter. Åtferdsanalyse fokuserer på å kontrollere variabler for å påverke åtferd og baserer seg på fysiske hendingar for å årsaksforklare åtferd. Tradisjonell psykologi er primært oppteken av å predikere åtferd, og brukar ofte mentalistiske konstrukter til dette formålet. Alle retningar innanfor psykologi, med unntak av åtferdsanalyse, annvender mentalistiske årsaksforklaringar. Dette inneberer å forklare åtferd via hypotetiske strukturar og prosessar inne i individet (2)Holden, B. (2002). Hva er atferdsanalytisk behandling? Tidsskrift for Norsk Psykologforening..

Alle retningar innanfor psykologi, med unntak av åtferdsanalyse, annvender mentalistiske årsaksforklaringar

Innan tradisjonell psykologi finnast det derfor mange studier med meir eller mindre klare samanhengjer mellom mentalistiske konstrukter og åtferd på gruppenivå. Dette byr på fleire utfordringar med å annvende psykologisk kunnskap i klinisk samanheng: 1) Mange psykologiske eigenskapar som studerast er i liten grad kontrollerbare og er sånn sett av liten praktisk nytte; 2) Det er vanskeleg å sei om det som gjeld for ein gruppe gjeld for alle individer og 3) Bruk av hypotetiske konstrukter til å forklare åtferd kan gi unødvendige omvegar, ettersom ein då baserar seg på oppdikta mellomledd mellom fysiske hendingar og noværande åtferd (3)Holden, B. (2002). Hva er atferdsanalytisk behandling? Tidsskrift for Norsk Psykologforening..

Dei predikative studiene til psykologien har ein fordel i forebyggjande og helsefremmande arbeid på gruppenivå. Likevel har åtferdsanalyse eit praktisk fortrinn i klinisk behandling gjennom fokuset på kontrollerbare forhold rundt individet som utløysar og opprettheld åtferd samt ved å kartleggje åtferdens funksjon med bruk av få prinsipper. Dette kan undersøkjast blant anna gjennom funksjonelle analysar av psykiske lidingar.

Åtferdsanalyse og psykiske lidingar

Åtferdsanalytisk utreiing og kartlegging baserer seg på funksjonelle analysar. Gjennom funksjonelle analyser søkast det å identifisere den operante åtferdens funksjonelle samanheng; kva diskriminative stimuli (Ds) som er foranledning til åtferd (R), og kva forsterkarar eller konsekvenser åtferden produserast (Sr) (4)Strømgren, B., & Dønnum, M.S. (2013). En multimodal kontekstuell tilnærming til analyse og behandling utfordrande atferd hos personer med utviklingshemming. Norsk Tidsskrift for Atferdsanalyse. For enkle psykiske lidingar som fobiar er det bestemte Ds (kaldt aversiv stimuli) som utløysar angst (unngåelsesåtferd), som produserer negativ forsterkning når individet flykter frå noko ubehageleg – angsten er negativt forsterka.

Også komplekse psykiske lidingar som schizofreni har innslag av operant åtferd som utførast av nokså konkrete grunnar

Mange åtferder er også positivt forsterket og seksuelle forstyrringar som pedofili, blotting og kikking er eksempler på dette. Også komplekse psykiske lidingar som schizofreni har innslag av operant åtferd som utførast av nokså konkrete grunnar (5)Holden, B. (2019). Atferdsanalytisk forståelse av psykiske lidelser. NAKUs Kunnskapsbank. I eit case-studie av Sturmey & Travis (2010) ble det eksperimentelt påvist at vrangforestilling-yttringar opretthaldast av oppmerksomheit (positiv forsterkar). Suksessfull behandling vart oppnådd gjennom differensial forsterkning av adaptiv verbal åtferd og ekstinksjon av vrangforstillings-yttringar noko som resulterer i adaptivt språk og nærmest eliminere vrangforestillingar (6)Travis, R., & Sturmey, P. (2010). FUNCTIONAL ANALYSIS AND TREATMENT OF THE DELUSIONAL STATEMENTS OF A MAN WITH MULTIPLE DISABILITIES: A FOUR-YEAR FOLLOW-UP. Journal Of Applied Behavior Analysis, 43(4), 745-749. doi: 10.1901/jaba.2010.43-745

Misforståingar kring åtferdsanalyse

Ein S-R vitenskap som ikkje tar hensyn til tanker og følelser var kjenneteikn kun ved John B. Watson sin klassiske behaviorisme. B.F. Skinner, radikalbehaviourismens grunnleggjar, definerte tenking og føling som privat åtferd som påverkast gjennom same prinsipper som observerbar åtferd og dermed burde studerast som åtferd (7)Skinner, B. F. (1945). The operational analysis of psychological terms. Psychological Review, 52(5), 270–277.. Han understreket imidlertid at tanker og følelser ikkje kunne vere årsaken til åtferd.

Psykologistudenter assosierer åtferdsanalyse med belønning og straff. Denne assosiasjonen har røtter i misforståing og feilbruk av åtferdsanalytiske omgrep. Til dømes setter både lekfolk og helsepersonell ofte likheitsteikn mellom den dagligdagse termen «belønning» og positiv forsterkning. Men belønning er definert utifrå hensikten snarare enn den observerte effekten. For at noko skal vere ein positiv forsterkar må det forårsake faktisk aukning i åtferd. Dersom det gis belønning og den ikkje produserer aukning i åtferd, er ikkje «belønningen» ein positiv forsterkar.

Og kva med straff? Mange som arbeidar i helse- og omsorgsektoren på arbeidsplasser med låg grad av åtferdsanalytisk orientering, antar at åtferdsanalyse vektleggjer straffeprosedyrer som effektivt for å endre åtferd, og tar derfor avstand frå dette. Men positiv straff benyttast sjeldan i åtferdsanalytisk behandling eller opplæring, i alle fall ikkje blant dei med høg kompetanse på feltet. Straff kan ikkje endre åtferd på lengre sikt, og i tillegg har det ofte alvorlege bieffekter i form av negativt forsterka åtferd som aggresjon og unngåelse (8)Skinner, B. (1953). Science and Human Behavior. New York: Macmillian. Målet vil alltid vere å positivt forsterke ein alternativ åtferd, som utkonkurerer uynskja åtferd i same situasjon, og på sikt oppnå ekstinksjon av uynskja åtferd.

«Men act upon the world, and change it, and are changed in turn by the consequences of their action» (Skinner, 1957)

Det også ein misoppfattning at Skinner hevder mennesker er født tabula rasa (blanke tavler) som passivt venter på å bli stimulert av omgivandane. Skinner skriver derimot i «Verbal behaviour» (s. 1) frå 1957: «Men act upon the world, and change it, and are changed in turn by the consequences of their action» (9)Skinner, B. (1957). Verbal behaviour. London: Methuen.. I tillegg bør det også korrigerast at omgivnadane ikkje er begrensa til eksterne umiddelbare omgivnadar, men at det også inkluderer individets læringshistorie samt genetikk. Altså kan åtferd, i tillegg til å vere utløyst direkte av ekstern stimuli også skyldast genetiske forhold og tidlegare læring. Skinner uttalte sjølv tidleg at ein kan undersøkje arvelige faktorar som årsaker til psykiske lidingar gjennom å kombinere genetikkens omgrep og metodar med eksperimentelle, psykologiske metodar (10)Skinner, B. (1957). Verbal behaviour. London: Methuen..

Det er synd når ein vitenskap med såpass stor praktisk nytteverdi blir forkasta rett etter å ha lest om James B. Watson og før Skinner sin radikalbehavourisme og operant betinging er forstått. Dette står i vegen for at studenter setter seg vidare inn i moderne åtferdsanalyse (for eks. relasjonell rammeteori og Acceptance and Commitment Therapy) som forhindrer annvendelse av åtferdsanalyse. Dette resulterer i sin tur i dårlegare kvalitet på tenester i psykisk helsevern og helse- og omsorgssektoren.

Når grunnleggjande åtferdsanalyse blir forstått riktig, vil man forhåpentligvis akspetere den og dermed i større grad få den ut i helsetenester. Men for at dette skal skje må omgivnadane på Det psykologiske fakultet legge til rette for det, og dei kan starte med å inkludere teoretisk og anvendt åtferdsanalyse på studieplanen. Læring, som all annan åtferd, avhengjer tross alt av læringshistorie og yttre omgivnader.

Dette innlegget er 4 år gammelt. Informasjon i innlegget kan være utdatert.

Referanseliste[+]