Når coachen villeiar psykisk syke

Dette innlegget er 6 år gammelt. Informasjon i innlegget kan være utdatert.

Coachen markedsfører seg i aukande grad med behandling av psykiske lidingar, slik som behandling av traumer. Dette kan medføre at dei tiltrekker seg pasientar, noko som kan få uheldige konsekvensar ettersom coachar ofte har svært begrensa kompetanse på psykisk liding. Det bør derfor opplysast tydelegare om coachens kompetanse og utdanningsbakgrunn for å unngå villeiing av psykisk syke.

Debattredaktør

Lilian Särnmo
Illustratør

Psykolog vs coach: Er det eigentleg så stor forskjell?
Kva er eigentleg forskjellen på psykolog og sertifisert coach? Ein allmenn oppfatning er at ein psykolog behandlar psykisk syke medan coach hjelper friske og ambisiøse mennesker med å realisere sitt fulle potensial. Denne oppfatninga er i tråd med Den Norske CoachForening (DNCF) sin definisjon av coaching. I følgje DNCF sin nettside er coaching definert som «(…) en prosess som handler om å frigjøre og utvikle menneskets potensiale». Nettsida opplysar også om at coaching ikkje handlar om å behandle, men om å vise veg i ynskja retning. Om dette stemmer så vil coachers yrkesutøvelse kunne forstås som ikkje-klinisk som skiller seg frå klinisk psykologi som på si side omhandlar utredning og behandling av psykiske lidingar. Deira yrkesutøvelse vil dermed vere legitim. Men; det er imidlertid fleire av coachene som marknadsførar seg gjennom GoMentor, som har lista opp traumar, angst og depresjon som sine kompetansefelt. Fleire av desse er også sertifisert coach gjennom nettopp DNCF – same foreining som opplysar om at ein coach ikkje behandlar.

«Det er svært stor forskjell i utdanningsbakgrunn mellom DNCF- sertifisert Coach og Klinisk Psykolog»

Det er svært stor forskjell i utdanningsbakgrunn mellom DNCF-sertifisert coach og klinisk Psykolog. For å bli DNCF-sertifisert coach må ein gjennomføre tre kurs; henholdsvis NLP practioner, NLP Master practioner og sertifisert NLP coach. Den totale varigheiten liggjer på om lag 30 dagar. I tillegg stillast det krav til praktisk arbeid og skriftlege innleveringar, men kravet til innhald og lengde er uspesifisert og det er heller ikkje opplyst om skikketheitsvurdering. Til samanlikning er psykologutdanningen 6årig, og inkluderar løpande skikketheitsvurdering gjennom heile studiet.

Når coach leikar psykolog
Når denne svake utdanningsbakrunnen til DNCF-coachen er kjent kan man spørje seg om det er trygt å oppsøkje coach i forbindelse med psykiske lidingar. Ein journalist frå BT gjekk i 2013 undercover i coachingbransjen for å få innblikk i korleis coaching gjennomførast i praksis. Han deltok på eit to-ukers langt kurs i NLP. Bokstavane står for «nevrolingvistisk programmering» og er ein metodikk som er mykje anvendt innan livscoaching. Øvelse i traumebehandling var ein del av dette kurset. Journalisten beskreiv sine opplevingar frå kurset på følgjande måte: «Da jeg legger meg for å sove kvelden etter den siste kursdagen, er jeg forvirret, nedbrutt og får en følelse av at hjernen min holder på å bli sentrifugert i en vaskemaskin». Journalisten sjølv hadde ikkje traumelidingar, men uttrykte bekymring ovanfor kva som kunne skje dersom folk som har opplevd traumar oppsøker kurset: «Jeg tenker på dem som virkelig har kjent ille ting på kroppen og stiller spørsmål ved hva som skjer med dem. Ingen fagfolk er med for å fange opp reaksjoner. Kurset er åpenbart ikke bra for alle».

Når coach og psykolog opererar i det same markedet
Ein anna stor forskjell mellom coach og psykolog – i tillegg til utdanningsbakrunn og kompetanse – er at psykolog er helsepersonell underlagt helsepersonelloven medan coachene er unntatt denne loven og kun regulert av kjøpsloven. Det er ingen uavhengig myndigheit som regulerer virksomheiten til coacher. Dette forhindrar imidlertid ikkje coachers moglegheit til å operere fritt i same marked som psykologar.

«(…)korleis skal ein forvente at folk er klar over den enorme forskjellen?»

Begge yrkesgruppar kan tilby samtaletjenestar, kursing og veiledning, til privatpersonar, eller bedriftar, og ulike behandlingsformar for psykiske lidelsar anvendast også av coacher. Men ettersom coachingbransjen er fritatt frå helsepersonelloven, treng dei ikkje følgje same etiske retningslinjer og krav som ein offentlig godkjent helseperson, eller føre journal for den saks skyld. Det liggjer nok nærliggjande for mange å tvile på at DNCF coach med tre kurs kan gjere like god jobb som psykolog med 6-årig utdanning, i allefall når man er bevisst denne forskjellen på psykolog og coach. Men når coacher markedsførar seg med kompetanse på psykiske lidingar og tilbyr traumebehandling, samtidig som psykologar – så vidt meg bekjent – sjeldan uttalar seg i offentligheit om coachingbransjen; korleis skal ein forvente at folk er klar over den enorme forskjellen? Å tydeligjere skillet mellom psykolog og coach, handlar først og fremst om faglig forsvarligheit og ikkje økonomisk profitt. At coacher sel seg inn i næringslivet som foredragsholdarar er ikkje så problematisk – det er dei moglege konsekvensene av at coacher lokkar til seg folk som sliter psykisk som gir grunn til bekymring.

Dersom coacher skal operere i same marknad og markedsførar seg med same kompetanse som psykologar bør det avklarast betre kva rolle coacher har og kva begrensningar liggjer i denne rolla for å unngå å villede folk. Her har både psykologar og coacher eit ansvar.

Redaksjonell kommentar: Den Norske CoachForening, ved styreleder Hanne S. F. Paulsrud, har blitt kontaktet og forteller at de vil vurdere et tilsvar ved et senere tidspunkt.

Kjeldar:

https://dncf.no/

https://www.bt.no/nyheter/lokalt/i/O6Ajw/Gikk-undercover-i-coachingbransjen

http://www.psykologtidsskriftet.no/index.php?seks_id=118397&a=4

https://www.coachteam.no/

https://ethosacademy.no/page/homepage

http://www.metaresource.no/

http://www.coachmagasinet.no/nlp-coaching-norge/

http://alreit.no/

https://www.gomentor.no/

Dette innlegget er 6 år gammelt. Informasjon i innlegget kan være utdatert.