Evidensbasert behandling for alle

Dette innlegget er 5 år gammelt. Informasjon i innlegget kan være utdatert.
Jens Erik Skår. Foto: Privat

Debattredaktør

Psykolog Jens Erik Skår behandlar menneskjer i alle alderar og med ulikt funksjonsnivå; frå yngre barn til eldre, frå djup utviklingshemming til godt fungerande. Han har oppnådd gode behandlingsresultat ved hjelp av anvendt åtferdsanalyse, noko som er ein mangelvare i mange offentlege helsetenester.

Jens Erik Skår vart uteksaminert frå psykologstudiet i Bergen i 1980. Det var her grunnlaget for hans virke som psykolog vart lagt, og han trekkjer sjølv fram Finn Konow Jellestad og Håkan Sundberg som tidleg på studiet påverka hans interesse for åtferdsanalyse i semesteret med biologisk psykologi. Han har også samarbeidd med Gerd Kvale tidleg i sin kliniske karriere.

Skår er eigar av Institutt for Anvendt Atferdsanalyse (IAA), lokalisert på Hinna i Rogaland. Instituttet tilbyr evidensbasert behandling og rettleiing for eit vidt spekter av pasient- og brukargrupper.

Tilbyr tenester for mange ulike brukargrupper

På IAA vert det arbeidd mykje med svært krevjande brukarar med spesielle behov. Instituttet har bufelleskap og avlastningstenester for menneskjer med funksjonsnedsetjingar som utviklingshemming, autisme og åtferdsvanskar (1)https://www.iaa.no/om-oss/. Dei gjev også rettleiing til barnehage, skule og kommunale bufelleskap og avlastningstenester.  

IAA vart opprinneleg starta ved at foreldre ynskja betre tenester for sine barn med nedsatt funksjonsevne. Seinare melde ulike kommunale instansar sine behov for evidensbaserte tenester, og brukargruppen vart utvida.

Foreldra ynskja tidleg trening for sine barn då dei meinte dette var naudsynt for å oppnå best mogleg utvikling og prognose, fortel Skår. Etterkvart kom barnevernet inn i biletet og ville ha hjelp til barn med blant anna åtferdsvanskar og ADHD.

På IAA arbeider dei også med meir konvensjonelle terapiformar innan anvendt åtferdsanalyse som passar for betre fungerande brukarar. Dette inkluderarer blant anna kognitiv åtferdsterapi for diverse angstlidingar og spiseforstyrringar. Dei behandlar også OCD hos folk som ikkje kvalifiserte til “The Bergen 4-day treatment”, utvikla av Bjarne Hansen og Gerd Kvale.

Fellesnemnaren i alle dei ulike tjenestene som IAA tilbyr er annvendt åtferdsanalyse, som på IAA si heimeside blir presentert som evidensbaserte former for pedagogikk og psykologi.

IAA driv med vitenskapelege formar for psykologi som kan dokumentere kva som blir gjort og som kan vise til positive effektar, fortel Skår.

Når anvendt åtferdsanalyse reddar liv

På spørsmål om kva som skiller IAA frå offentlige tenestetilod er Skår klokkeklar:

– Fagkompetanse på mange ulike typar brukarar.

IAA prøver og å ha færrast mogleg tilsette per brukar for å opretthalde stabilitet og kontinuitet i tjenestene. Skår fortel blant anna at kommunale helsetenester ofte er prega av at mange tilsette er innom kvar brukar, høgt sykefravær og turn-over blant tilsette og at det ofte er langt færre faglærte.

NRK sin dokumentar «Slik ble ‘Rovdyret’ Hanne et menneske igjen» illustrerte korleis anvendt psykologisk vitenskap i eit stabilt fagkompetent bufelleskap kan gjere ein enorm forskjell i ein persons liv (2)https://www.nrk.no/rogaland/xl/slik-ble-_rovdyret_-hanne-et-menneske-igjen-1.14324343. Hanne Hjortland var tidlegare ein av Noregs mest krevjande brukar og hadde diagnosane moderat psykisk utviklingshemming, infantil autisme samt alvorleg utageringsproblematikk. Det kommunale bufelleskapet var prega av utstrakt bruk av ulovleg tvang og i alt rundt 50 omsorgspersonale ho måtte forhalde seg til, ofte utstyrt med syrefaste hanskar for å unngå bittskadar. Her budde ho i fem år.

Etter mykje kritikk frå fylkesmannen overførte Stavanger kommune Hanne til IAA i 2015 som ei førebels løysing. Skår klarte, ved hjelp av målretta arbeid og åtferdsanalytiske metodar, å snu situasjonen og gjere Hanne trygg og glad igjen. Han leggjer imidtlertid ikkje skjul på at det er svært mykje arbeid som liggjer bak.

– Tvangsbruken har gått ned med 97 % (frå innflyttingsdato til siste måletidspunkt i 2019, red. anm.). Dette er berre mogleg med hardt systematisk arbeid og vitenskapelige metodar. Eg har arbeidd med Hanne i 4 år og brukt om lag tusen timer på rettleiing. Det seier seg sjølv at det å rettleie dei mest ressurskrevjande krev mange timar, påpeker Skår.

Skår utdjupar at behandlingsopplegget til Hanne er kjenneteikna av systematisk tilvenning til stimuli som førar til emosjonelle responsar og tidleg avbryting av farleg åtferd. Slike avbrytingstiltak må vere så milde som mogleg, og dei må trappast ned etter ein plan som dei tilsette kan følgja.

Han legg også til at dei må søkje jevnlig om å få godkjent tvangstiltakane i behandlingsopplegget hos fylkesmannen med anbefaling frå habiliteringstjenesten. Godkjenninga er gyldig i 6 månadar, deretter må dei søke om fornying. Dei må også legge ved dokumentasjon på positiv behandlingseffekt.

– Det er viktig at alt dokumenterast og at man er opne for kontroll – det går ikkje an å drive slik praksis i det skjulte. Lovverket må respekterast.

Mangel på åtferdsanalytisk kompetanse i det offentlige

Det er habiliteringstjenestene som skal stå for kompetanse på åtferdsvanskar og rettleie og syte for kompetanseheving i kommunale tenester. Innehar dei tilstrekkelig kompetanse på åtferdsanalytisk behandling?

– Habiliteringstenesta i både Bergen og Stavanger innehar lite kompetanse på åtferdsanalytisk behandling.

Kva blir alternativet til åtferdsanalytisk behandling?

– Der går ofte i medisinering.

Han fortel vidare at det er eit stort sakn etter psykologar som kan åtferdsanalyse og at studentane kjem til å spele ein viktig rolle i framtida.

– Det er studentane som skapar framtida for psykologifaget. Ein må utdanne fleire studentar med kompetanse på åtferdsanalyse som kan arbeide med mange typar brukarar. Studentane skal, når dei er ferdig utdanna, vere behandlingsansvarlige, og dei er viktige for å påverke til betre kommunehelsetenester.

Han legg til at dette i stor grad er avhengig av at universitetet legg til rette for at folk med vitenskapeleg kompeanse får drive klinisk psykologi framover, og hevder at mykje av psykologien ikkje er basert på vitenskap.

– Psykologi er eit fagfelt prega av mykje synsing og meining og lite dokumentasjon på effekt. Utviklingen av psykologi bør drivast av vitenskap, og dette avheng igjen av kven universiteta rekruetterer til sine undervisningsstillingar.

 

Dette innlegget er 5 år gammelt. Informasjon i innlegget kan være utdatert.

Referanseliste[+]