Etterspør meir valfridom på profesjonsstudiet

Dette innlegget er 5 år gammelt. Informasjon i innlegget kan være utdatert.
På bilete: Eirik Søderholm. Foto: Nora Paulsen Skjerdingstad.

Profesjonsstudiet er for rigid. Det bør innførast valfrie emne for å sikre tidlegare spesialisering i studieløpet.

Debattinnlegg

Debattredaktør

Ulike typer psykologar

Det finnes mange ulike typar psykologar: Klinisk psykolog, nevropsykolog, organisajonspsykolog, habiliteringspsykolog, samfunnspsykolog berre for å nemne nokon. Nokon psykologer arbeider også med forskning.

Profesjonsstudiet i psykologi er bygget opp etter ein generalistmodell som består av hovudsakleg basale emne, kliniske emne og metodefag. Dette er utdanningsgrunnlaget til psykologar som seinare skal ut i samfunnet og dekke eit vidt spekter av oppgåver.

Studiet utdannar godt kvalifiserte kandidatar til å arbeide med utgreiing og psykoterapeutisk behandling av psykiske lidingar. Men det er imidlertid mange oppgåver som profesjonsstudiet ikkje forbereder studentene like godt på.

Studiet tilbyr til dømes kun 35 studiepoeng i emne som eksplisitt omhandlar helsefremmande- og førebyggjande arbeid og 15 studiepoeng i klinisk nevropsykologi. «Psykologen som leiar», det einaste emnet som eksplisitt omhandlar organisasjonutvikling- og leiing, er på kun 4 studiepoeng.

Dersom profesjonsstudiet skal utdanne godt kvalifiserte kandidatar til forebyggjande arbeid, organisasjon og leiing og nevropsykologi bør det innførast valfrie emne som mogleggjer fordyping i dei aktuelle fagområda. 

Ingen valfrie emne

Profesjonsstudiet i psykologi er eit fastsett seksårig studieløp som ikkje tilbyr valfrie emne. Med unntak av hovudoppgåva, så finnes få moglegheiter til å spesialisere seg. Ein bør spørje seg om det ynskjeleg at alle studentane skal gjennom det eksakt same studieløpet. 

Det er rimeleg å anta at profesjonsstudentar har mange forskjellige yrkespreferansar. Dette er fordi man har moglegheit til å arbeide ned mykje forskjellig etter endt studieløp. Utan valfrie emne vil imidlertid ikkje studiet kunne ivareta den enkeltes interesser og preferansar. Konsekvensane kan vere at fleire studentar i årevis må ta emne som kan opplevast som lite relevant for det yrket dei vel i framtida. Dette kan opplevast som demotiverande. I tillegg stiller samfunnet stadig meir krav til spesialisert kompetanse. Dermed vil både samfunnet og den enkelte student vere tjent med valfrie emne på profesjonsstudiet.

Unødvendig fordypning i basale fag

Profesjonsstudiet i psykologi gir fordypning i flere basalemne. På andre, tredje og fjerde året må profesjonsstudentene fordype seg i basale fag dei tidlegare har vore gjennom, deriblant personlegdomspsykologi, sosialpsykologi, utviklingspsykologi, kognitiv psykologi og biologisk psykologi. Er ekstra studiepoeng i alle desse basalemnene nødvendig for klinisk arbeid, helsefremmande arbeid, eller organisasjon- og leiing? Også her kan valfridom vere ein løysning.

Norsk profesjonsråd anbefalar valemne

I følgje Nasjonal plan for profesjonsutdanning i psykologi, som er utarbeidet av Norsk profesjonsråd (1)Nasjonalt Profesjonsråd. Nasjonal plan for profesjonsutdanning i psykologi 
Hentet 05.11.18. http://www.ansa.no/globalassets/for/fag/psykologi/nasjonal-plan-for-profesjonsutdanning-i-psykologi.pdf
er det lagt opp til 60 valfrie studiepoeng for profesjonstudiene i psykologi i Noreg. Det vil med andre ord vere gjennomførbart med valfrie emne på profesjonsstudiet dersom fakultetstyret er villige til det. 

Kan lære av Oslo

På profesjonsstudiet i Oslo har dei sidan hausten 2018 tilbudt 25 studiepoeng valfrie emne; 10 studiepoeng 5. semester, 10 studiepoeng på 6. semester og 5 studiepoeng på 9.semester. Ein slik ordning gir studentar moglegheit til å skreddarsy utdanningen sin i rettning mot eigne preferanser og oppnå en utdanning som blir mer spesialisert.

Både med hensyn til den enkelte students ynskjer og samfunnets krav til spesialisert kunnskap, vil ein vere tjent med større moglegheit til spesialisering og fleksibilitet i studieløpet.

Forespurnad om tilsvar er sendt til Visedekan for utdanning, Per Einar Binder.

Dette innlegget er 5 år gammelt. Informasjon i innlegget kan være utdatert.

Referanseliste[+]