Ekstremismens skjulte sårbarheit

Stina Ringdal Strøm og Hanna Celius

Illustratør

I andre og siste del av vår ekstremisme-serie skal vi leggje fokus på radikaliseringsprosessen. Kva veit vi om risikofaktorar, og kva ulikskapar finn ein mellom ulike former for terrorisme?

Til dette høve har vi intervjua Elisabeth Harnes, forskar på radikalisering og valdeleg ekstremisme ved RVTS Vest. Ho har erfaring med psykososialt arbeid med foreldrelause barn i Kenya, oppfølging av straffedømde ungdomskriminelle i USA, og har jobba som minoritetsrådgjevar i Noreg. I tillegg har ho erfaring frå mentorordninga til RVTS Vest. 

Det første vi ville høyre om frå deg handlar om utbreiinga av ekstremisme. Er det eit nytt fenomen? Ein får eit inntrykk av at det mykje meir ekstremisme i dag enn tidlegare frå media. Stemmer dette?

– Ekstremisme har alltid eksistert. Det har vore verdskrigar, og ein har sett mange ekstreme haldningar og grupperingar gjennom tidene. Desse fenomena har fått mykje merksemd dei siste åra, og det har kanskje noko med sosiale medium å gjere. Landegrensene er tettare og vi stiller oss til eit transnasjonalt samfunn. Då blir ein rørt på ein annan måte, og desse tinga får ein annan relevans. Vi ser særleg at når ein blir rørt som nasjon, tek land tak i fenomenet ekstremisme. Vi har kanskje komen til ein stad der ein på nasjonalt hald blir meir forplikta å gjere noko tiltaksmessig mot ekstremisme. I Noreg har ein jo sett dette i etterkant av 22. juli.

Soloterrorisme og gruppeterrorisme

Det har jo vore mykje fokus på soloterrorisme. Har dette eigentleg gjeve eit overdimensjonert bilete av kor mykje ekstremisme det eigentleg er i samfunnet?

– Soloterrorisme har jo fått mykje fokus sidan det er dette vi har måtta stille oss til i Noreg. Vi har ikkje hatt kollektive jihadistiske terrorangrep som har rørt oss som nasjon. Vi har hatt framandkrigarar som reiser til Syria. 

Harnes fortel vidare at Petter Nesser har samanlikna jihadistisk terrorisme med høgreekstrem soloterrorisme (HX). Undevegsresultat indikerer at jihadistisk terror framleis er den største terrortrusselen i Europa, fordi ein kan gjennomføre terror av større dimensjonar i grupper. Likevel ligg fokuset i større grad på HX, soloterrorisme og grooming av unge gutar. Det er eit viktig funn, som nyanserer synet på terrorisme. Om ein har eit HX-fokus og eit solo-fokus, vil også midla forsvinne til interveneringar i forhold til gruppeterrorisme.

«[D]et er sterkare psykisk uhelse mellom soloterroristar. Når ein utfører gruppeterror treng ein tillit, truverd, tryggleik og samhald»

I 2016 gjennomførte NKVTS ein litteraturstudie som omhandla psykisk uhelse mellom gruppeterroristar og soloterroristar. Dei fann at det er høgare forekomst av psykisk uhelse mellom soloterroristar (1)Grønnerød, J. S., Andersen, A. J., & Hellevik, P. (2016). Radikalisering og psykisk helse – En kunnskapsoppsummering. (Rapport 4/2016). https://www.nkvts.no/rapport/radikalisering-og-psykisk-helse-en-kunnskapsoppsummering/. Ei mogleg forklaring er at når ein utfører gruppeterror treng ein tillit, truverd, tryggleik og samhald.

Sårbarheitsfaktorar og rekruttering

Utanforskap og psykisk uhelse er likevel ikkje den einaste grunnen til at menneske kan bli radikalisert. Vidare spør vi om radikaliseringsfaktorar som har synt seg gjennom erfaring fra sitt arbeid i tverrfagleg operativt team på radikalisering.

– Ofte ser vi at det er personar med ubehandla traume av ulike slag frå barndom. Når vi ser på sårbarheitsfaktorar, ser vi på desse i eit livsløpsperspektiv. Opp mot IX (Islamistisk ekstremisme) er det også ein del migrasjonsstress. Der ser ein i sterkare grad at tilleggsfaktorar som postmigrasjonstraume som rasisme og hatkriminalitet har noko å seie.  

Mange ser kanskje føre seg eit bilete av ein ung gut som sit i kjellaren til foreldra, og som blir radikalisert via forum på internett. Kvar er det radikalisering hovudsakleg går føre seg?

Harnes fortel at det finst ulike teoriar, men at ein har snakka om “frå gata til data, og tilbake til gata”. 

Det var ein periode mange framandkrigarar reiste til Syria, og ein del blei rekruttert på nettet. I IS fann ein veldig gode grafiske designarar og SOME-guruar. Dei hadde eigne rekrutteringsprosessar på arabisk, på engelsk og norsk, og var enormt profesjonelle. 

Harnes fortel vidare at rekrutteringa til radikale rørsler går føre seg parallelt på nett og i den fysiske verda, både i HX og IX. Ho vektlegg at ein ikkje må gløyme at det framleis er mykje fysisk rekruttering. 

FORSKAR PÅ RADIKALISERING OG EKSTREMISME: Elisabeth Harnes. FOTO: RVTS Vest

Mennesket bak den radikale fasaden

Når vi snakkar om sårbarheitsfaktorar, blir ofte psykisk helse ein viktig del av biletet. Korleis får ein kopla inn det psykiske helsevesenet?

– Alle kan ha ei konservativ haldning innan ytringsfridomen sine rammer. Det er mange udemokratiske meiningar ein kan ha, utan at ein er pålagd noko behandlingsløp. Det er helst når det er snakk om domfelling at psykiatrien kjem inn i biletet. 

Ho utdjupar at relasjonskompetanse er sentralt for å kome i posisjon for at vedkomande takkar ja til et behandlingstilbod, og framhevar at mentorordninga er eit sentralt hjelpetiltak i tillegg til psykisk helsevern. På spørsmål om ho trur psykisk helsevern kan verke avskrekkande på unge menn, svarer Harnes: 

– Absolutt. Nokre av dei har jo vore inn og ut av det psykiske helsevesenet før dei hamna hos oss. Mange av historiene handlar om at ein ikkje har fått den hjelpa ein treng, at ein har blitt avvist. Avvisinga går føre seg på fleire område også. Ein kan bli avvist av hjelpeapparatet, familien og venar. Å gjenopprette tillit til behandling blir gjerne omfattande, men enormt viktig. Fleire behandlarar frå DPS seier at dei ikkje kunne lukkast med behandling utan mentor med kompetanse på radikalisering. Det er ikkje berre i det kliniske rommet stabiliseringa skjer, men også utanfor. Det er viktig å ha eit godt samspel mellom miljøterapeut, behandlar og miljøet rundt. Om vi har fragmenterte tilnærmingar, risikerer ein å få kasteballar i systemet.

Harnes belyser vidare å framheve motnarrativ, altså menneske som har lukkast med å bli deradikalisert. Der framhever ho viktigheita av å belyse vanskeligheitene kring det å bli komfortabel i ein ny identitet.

– Eg trur ikkje vi har så mange lineære behandlingsløp. Det er jo ei emosjonell endring og kognitiv dissonans vi er ute etter når vi jobbar med deradikalisering. 

Først og fremst må ein få på plass eit fundament og ei sikkerheit som tilbyr eit alternativt liv. Dette gjerast ved å introdusere mentor som ein trygg person i vedkomande sitt liv. Ofte setjast dei også i nye miljø som har representert ei utgruppe tidlegare, og forsøker med dette å utvide den sosiale identiteten. 

– Ein byrjar ikkje på traumebehandling før ein har eit fundament med tryggleik og tillit. Denne stabiliseringa gjer vi miljøterapeutisk. Elles er det ikkje forsvarleg å byrje å snakke om ideologi. Den tryggleiken er noko som er veldig intimt og personleg. Når nokon byrjar å pirke i det vernet dei har frå før, kan dei føle seg blotta. Desse prosessane er smertefulle, fordi det narrativet ein har hatt så lenge går i oppløysing.

«Ein må sjå det sårbare mennesket bak det ekstreme. Ein må evne å sjå ekstremisme som eit smerteuttrykk».

 Er det noko du vil seie avslutningsvis?

– Ein må sjå det sårbare mennesket bak det ekstreme. Ein må evne å sjå ekstremisme som eit smerteuttrykk. Då kan ein få på plass ein mykje meir effektiv deradikalisering. Dette er dessutan eit felles ansvar. Vi må gjere ein kollektiv innsats og først og fremst sjå på dette som eit symptom på eit alvorleg utanforskap.

 

Referanseliste[+]