Kvifor vert nokre løvetannbarn?

Dette innlegget er 3 år gammelt. Informasjon i innlegget kan være utdatert.

Debattredaktør

Illustratør

Oppveksten er avgjerande for seinare liv. Det finnast personar som har opplevd forferdelege påkjenningar i barndommen, men som klarer seg likevel klarer seg bra i seinare liv. Desse vert ofte kalla løvetannbarn. Kva faktorar gjer at nokre barn er resiliente?

Ein rapport frå 2019 avdekka at eitt av fem barn har opplevd ei form for fysisk eller psykisk vald i heimen (1)Hafstad, G. S. & Augusti, E. (2019) Ungdoms erfaringer med vold og overgrep i oppveksten: En nasjonal undersøkelse av ungdom i alderen 12 til 16 år. Rapport nr. 4. Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress. https://www.nkvts.no/content/uploads/2019/10/Rapport_4_19_UEVO.pdf. Forsking viser at barn som opplev vald i familien har høgare sannsyn for å misbruke narkotika, ta livet sitt og ha mellommenneskelge utfordringar i seinare liv. I tillegg skårer dei høgare på mellom anna angst, depresjon, psykotisisme og traumelidingar (2)Malinosky-Rummell, R. & Hansen, D. J. (1993) Long-term consequences of childhood physical abuse. Psychological Bulletin, 114(1), ss. 68-79. DOI: 10.1037/0033-2909.114.1.68

Ei metastudie frå 2018 viser at vald i barndommen har store konsekvensar for skulegang.  Blant dei som opplever vald fullfører færre skule og fleire får dårlegare karakterar (3)Fry, D., Fang, X., Elliot, S., Casey, T., Zheng, X., Li, J., Florian, L. & McCluskey, G. (2018). The relationship between violence in childhood and educational outcomes: A global systematic review and meta-analysis. Child abuse & neglect, 75, ss. 6-28. DOI: https://doi.org/10.1016/j.chiabu.2017.06.021. Barn som til dømes opplev mobbing, relativ fattigdom og seksuelle overgrep kan oppleve liknande påkjenningar i ettertid (4)Wolke, D. & Lereya, S. T. (2015). Long-term effects of bullying. Archieves of Disease in Childhood, 100(9), ss. 879-885. DOI: :10.1136/archdischild-2014-306667, (5)Jensen, S. K. G, Berens, A. E. & Nelson, C. A. (2017) Effects of poverty on interacting biological systems underlying child development. The Lancet Child & Adolescent Health, 1(3), ss. 225-239. DOI: https://doi.org/10.1016/S2352-4642(17)30024-X, (6)Dearing, E. (2008). Psychological Costs of Growing Up Poor. Annals of the New York Academy of sciences, 1136(1), ss. 324-332. DOI: 10.1196/annals.1425.006, (7)Fergusson, D. M., Boden, J. M. & Horwood, J. (2013). Childhood Self-Control and Adult Outcomes: Result Drom a 30-year Longitudinal Study. Journal of the American Academy of Child & Adolescent Psychiatry, 52(7), ss. 709-717. DOI: https://doi.org/10.1016/j.jaac.2013.04.008

Til tross for at det er ein samanheng mellom dårlege oppvekstvilkår og ei rekke vanskar, er det nokre det går bra med (8)Cicchetti, D. (2012). Annual research review: Resilient functioning in maltreated children – past, present, and future perspectives. Journal of child psychology and psychiatry, 54(4). ss. 402-422. DOI: 10.1111/j.1469-7610.2012.02608.x . Kvifor det?

Løvetannbarn sin personlegdom

Det er brei einigheit blant forskarar om at resiliens, ein eigenskap som fremmar velveret til individet ved motgang, kan forklare kvifor nokre barn går upåverka hen (9)Yoon, S., Dillard, R. Beaujolais, B. & Howell, K. (2020). A phenomenological Qualitative Approach to Examining Developmental Differences in Resilience Among Maltreated Children. Psychology of Violence. DOI: https://doi.org/10.1037/vio0000360. Kven ein er som person har vist seg å påverke kor resilient ein er. Forsking har avdekka ein sterk negativ korrelasjon mellom nevrotisisme og resiliens. Noko som gir meining då nevrotisisme er assosiert med sårbarheit for emosjonelle vanskar, samt tendens til negative kjensler, mangel på meistringsstrategiar og låg impulskontroll (10)Campbell-Sills, L., Cohan, S. L. & Stein, M. B. (2005) Relationship of resilience to persoinality, coping and psychiatric symptoms in young adults. Behaviour Research and Therapy, 44(4), ss. 585-599. DOI: https://doi.org/10.1016/j.brat.2005.05.001

Vidare viser same studien at resiliens korrelerer med ekstrovasjon og planmessigheit. “Positiv affect”, ein dimensjon under ekstrovasjon, har vist seg å vere særleg viktig for handtering av stressande opplevingar som mishandling er (11)Campbell-Sills, L., Cohan, S. L. & Stein, M. B. (2005) Relationship of resilience to persoinality, coping and psychiatric symptoms in young adults. Behaviour Research and Therapy, 44(4), ss. 585-599. DOI: https://doi.org/10.1016/j.brat.2005.05.001

Dei godlynte barna

Ein teori som byggjer på dette er Fredrickson sin Broaden and build teori. Fredrickson føreslår at postitive kjensler bidreg til meir fleksibel tankegang og handlingsrom, som gjer ein meir resilient i møte med motgang. På individnivå har ein altså fleire ressursar når ein opplever motgang som resultat av positive kjensler (12)Fredrickson, B. L. (2001). The role of positive emotions in positive psychology: The broaden-and-build theory of positive emotions. American Psychologist, 56(3), 218–226. https://doi.org/10.1037/0003-066X.56.3.218. Ei studie frå tidleg 2000-talet viste at ungdommar som i kjølevatnet av 9/11, opplevde positive emosjonar, fekk styrka resiliens og færre depressive symptom (13)Fredrickson, B. L., Tugade, M. M., Waugh, C. E., & Larkin, G. R. (2003). What good are positive emotions in crisis? A prospective study of resilience and emotions following the terrorist attacks on the United States on September 11th, 2001. Journal of Personality and Social Psychology, 84(2), 365-376. http://dx.doi.org.pva.uib.no/10.1037/0022-3514.84.2.365

Ei rekke longitudinale studiar som har fulgt barn gjennom oppveksten kan støtte Broaden and build teorien. Barn som er ekstroverte kan lettare framkalle situasjonar som gir positive emosjonar. Spedbarn med enkelt temperament; lette å trøyste, kosete og godlynte, vert meir resiliente i seinare alder. Det viser seg at dei har lettare for å tiltrekke seg kompetente omsorgsgivarar, noko som sikrar tryggleik (14)Werner, E. E. (1995). Resilience in development. Current directions in psychological science, 4(3), 81-84.. Å oppleve tryggleik eller andre positive emosjonar kan i følgje Fredrickson vere grobotn for vidare positive emosjonar, noko som gir resiliens. 

Når dei resiliente barna når skulealder er dei sjølvstendige, men evnar å spørje om hjelp når det har behov for det. Denne åtferda predikerer resiliens seinare i livet. Kommunikasjon- og problemløysingsevner viser seg også å vere vanleg blant resiliente barn (15)Werner, E. E. (1995). Resilience in development. Current directions in psychological science, 4(3), 81-84.

I samanheng med dette gjer mange det godt på skulen. Meistringstrategiar som barn har utvikla under stress og motgang kan vere utgangspunkt for å handtere stress seinare i livet, som til dømes skule kan framkalle. Barn sine positive opplevingar knytt til skule kan vere utgangspunkt for fleire positive opplevingar, til tross for motgang . Døme på det kan vere eit godt forhold til ein lærar, som også har vist seg å kan vere ein sentral person for barn som er resiliente (16)Werner, E. E. (1995). Resilience in development. Current directions in psychological science, 4(3), 81-84.

Med ei spesialisert hjerne

Som det vert framlagt i Broaden and build teorien til Fredrickson har resiliente barn meir positive emosjonar, kva kan vere årsaka til dette? Curtis og Cicchetti fant resultat ved hjerneforsking som kunne forklare og støtte Fredrickson sin teori. Eit breitt utval av forsking har vist at det er ei form for hemisfærisk spesialisering ved emosjonar, der venstre hjernehalvdel er meir involvert i positive emosjonar og kontaktsøkande åtferd (17)Curtis, J. W. & Cicchetti, D. (2007) Emotion and resilience: A multilevel investigation of hemispheric electroencephalogram asymmetry and emotion regulation in maltreated and nonmaltreated children. Development and psychopathology, 19(3), ss. 811-840. DOI: https://doi.org/10.1017/S0954579407000405

Det viste seg at ein kunne predikere kva barn som var resiliente av mishandla barn, basert på spesialisert aktivitet i venstre hjernehalvdel. Personar som hadde opplevd mishandling og var resilliente hadde meir aktivitet i venstre hjernehalvdel samanlikna med dei som ikkje var resilliente. Det forfatterane diskuterer er om denne aktiviteten kan vere teikn på positiv attribusjonsbias. Det kan tyde på at resiliente barn tolkar omgivnadane i beste meining, noko som kan forklare kvifor positive utgangspunkt som springbrett til vidare positive hendingar. Det kan endre måten ein ser verda på (18)Curtis, J. W. & Cicchetti, D. (2007) Emotion and resilience: A multilevel investigation of hemispheric electroencephalogram asymmetry and emotion regulation in maltreated and nonmaltreated children. Development and psychopathology, 19(3), ss. 811-840. DOI: https://doi.org/10.1017/S0954579407000405. 

Genetisk bestemt

Bradley og kollegaer studerte om genet CRHR1 kunne moderere depressive symptom hjå offer for misbruk i barndommen (19)Bradley, R.G., Binder, E.B., Epstein, M.P., Tang, Y., Nair, H.P., Liu, W., … & Ressler, K.J. (2008). Influence of child abuse on adult depression: Moderation by the corticotropin‐releasing hormone receptor gene. Archives of General Psychiatry, 65, ss. 190– 200. DOI: 10.1001/archgenpsychiatry.2007.26. CRHR1 påverkar utløysing av hormonet corticotropin (CRH), som mellom anna er delaktig i stressreaksjonar i kroppen (20)Halse, J. (2018, 9. mai). CRH. I Store Norske Leksikon. https://sml.snl.no/CRH , (21)Halse, J. (2019, 21. mars). ACTH. I Store Medisinske Leksikon. https://sml.snl.no/ACTH. Resultatet viste at personar som hadde opplevd misbruk i barndomen utan å seinare utvikle depressive symptom, korrelerte signifikant med ein spesiell haplotype av CRHR1-genet (22)Bradley, R.G., Binder, E.B., Epstein, M.P., Tang, Y., Nair, H.P., Liu, W., … & Ressler, K.J. (2008). Influence of child abuse on adult depression: Moderation by the corticotropin‐releasing hormone receptor gene. Archives of General Psychiatry, 65, 190– 200. DOI: 10.1001/archgenpsychiatry.2007.26. Dette har fleire studiar vist (23)Polanczyk, G., Caspi, A., Williams, B., Price, T. S., Danese, A., Sugden, K., … & Moffitt, T. E. (2009). Protective effects of CRHR1 gene variants on the development of adult depression following childhood maltreatment. Archives of General Psychiatry, 66, 978– 985. DOI: 10.1001/archgenpsychiatry.2009.114, (24)DeYoung, C., Cicchetti, D., & Rogosch, F.A. (2011). Moderation of the association between childhood maltreatment and neuroticism by the corticotropin‐releasing hormone receptor 1 gene. Journal of Child Psychology and Psychiatry, 52, 898– 906. DOI: https://doi.org/10.1111/j.1469-7610.2011.02404.x. Ei føreslått forklaring er at CRHR1 aukar konsolidering av slike sterke minner som mishandling, som då kan beskytte mot depressive symptom (25)Polanczyk, G., Caspi, A., Williams, B., Price, T. S., Danese, A., Sugden, K., … & Moffitt, T. E. (2009). Protective effects of CRHR1 gene variants on the development of adult depression following childhood maltreatment. Archives of General Psychiatry, 66, 978– 985. DOI: 10.1001/archgenpsychiatry.2009.114.

Tyrka og kollegaer understreker at studiar av gen må ta høgde for at ulike genvariantar kan vere resultat av miljøet, i form av epigenetikk (26)Tyrka, A. R., Price, L. H., Kao, H. T., Porton, B., Marsella, S. A., & Carpenter, L. L. (2010). Childhood maltreatment and telomere shortening: Preliminary support for an effect of early stress on cellular aging. Biological Psychiatry, 67, 531–534. DOI: https://doi.org/10.1016/j.biopsych.2009.08.014. Det kan tenkast at under kva utviklingstrinn og miljø ein vert mishandla i kan påverke genane ulikt (27)Sroufe, L. A. (2007). The place of development in developmental psychopathology. In A. Masten (Ed.), Multilevel dynamics in developmental psychopathology pathways to the future: The Minnesota symposia on child psychology. (vol. 34, pp. 285–299). Mahway, NJ: Erlbaum ISBN: 0-8058-6162-9.. Dette kan forklare kvifor nokre som opplev mishandling er resiliente, medan andre ikkje.

Det som ikkje drep deg, gjer deg sterkare?

Dessverre tyder forsking på at berre 10-25% av mishandla barn oppnår resiliens (28)Cicchetti, D. (2012). Annual research review: Resilient functioning in maltreated children – past, present, and future perspectives. Journal of child psychology and psychiatry, 54(4). ss. 402-422. DOI: 10.1111/j.1469-7610.2012.02608.x. Med det i tankane, er det altså mange barn som går eit utfordrande liv i møte, som resultat av dårlege oppvekstkår. I møte med barn som ikkje er resiliente, bør vi fokusere på kva faktorar ved resiliens vi kan påverke for å gi dei betre førutsetningar. Rapporten frå 2019 om vald og overgrep i heimen, viser at 80 % av dei som vert utsett for vald og overgrep ikkje har vore i kontakt med hjelpeapparatet (29)Hafstad, G. S. & Augusti, E. (2019) Ungdoms erfaringer med vold og overgrep i oppveksten: En nasjonal undersøkelse av ungdom i alderen 12 til 16 år. (Rapport nr. 4) Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress. https://www.nkvts.no/content/uploads/2019/10/Rapport_4_19_UEVO.pdf. Som Stine Sofies stiftelse understreker i sin kampanje “Dark November”, må vi som samfunn lære barna kva som er lov og ikkje, fjerne skam og skuldkjensle. Avsluttningsvis må vaksne ha evne og mot til å sjå og hjelpe barn som opplev vald og overgrep (30)Stine Sofies Stiftelse. (2020). Hjelp de voldsutsatte barna ut av mørket. https://www.stinesofiesstiftelse.no/aktuelt/hjelp-de-voldsutsatte-barna-ut-av-m%C3%B8rket. Det er vi som må hjelpe store mørketal fram i lyset. 

Dette innlegget er 3 år gammelt. Informasjon i innlegget kan være utdatert.

Referanseliste[+]